Biblioteket sine framlegg til nyttige netstader for slektsgranskarar:

Fylkesarkivet i Vestland. Her kan du mellom anna søka i digitaliserte fotoarkiv, private og offentlege arkiv, og du kan søka etter musikk og stadnamn. Du kan òg søka på persondata frå kyrkjebøker og folketeljingar frå Sogn og Fjordane. Her finn du og databasar med historiske foto som ofte har personopplysningar.

Digitalarkivet.  Digitalarkivet er Arkivverket sin publiseringskanal for arkivmateriale. Her kan du finna folketeljingane frå 1801, 1865, 1875, 1900, 1910 og 1920. I tillegg finn du scanna kyrkjebøker, tinglysingsdokument og skiftemateriale.

Slekt og data.no. Slekt og data er Norge sin største organisasjon for slektsforskarar. Dette er eit forum for for organisasjonen "Databehandling i slektsforsking". Dei tek opp aktuelle emne for slektsforskarar og arrangerer møte om dette. DIS Norge gir ut tidsskriftet "Slekt og data".