Kommunalt arkivmateriale:

Det eldre arkivmaterialet for Sogndal kommune frå 1837 til om lag 1970-80 vert oppbevart hos Fylkesarkivet i Vestland på Leikanger. Noko av dette materialet er digitalisert av Fylkesarkivet: Digitalisert materiale.

Privatarkiv:

Arkivmateriale frå lag, organisasjonar og privatpersonar i Sogndal kommune vert og oppbevart i Lokalhistorisk arkiv.

Alt arkivmateriale som ikkje er klausulert kan du be om å få sjå i biblioteket. Du må fylla ut eit skjema med namnet ditt, kva du ønskjer å sjå og kva du skal bruka det til. Arkivmateriale kan ikkje lånast med heim.

Dersom du har, eller veit om nokon som har, møteprotokollar eller ringpermar med arkivmateriale frå t.d. eit lag eller ein organisasjon som er lagt ned eller har utskrivne møtebøker, kan dei leverast inn for oppbevaring ved Lokalhistorisk arkiv. Ta gjerne kontakt med biblioteket, tlf. 57 62 96 60 eller epost til skranke@sogndal.folkebibl.no.