Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Utlånsreglar

Biblioteket si verksemd er regulert gjennom Lov om folkebibliotek.

1. Alle med fast adresse i Noreg kan få lånekort mot å visa legitimasjon. Det er gratis å låna. 
Barn som ikkje er begynt på skulen, må låna på foreldra eller dei føresette sitt lånekort.
Lånekortet bør takast med kvar gong ein vil låna. Lånaren pliktar å melda adresseforandring eller tap av lånekort til biblioteket.

2. Lånaren er ansvarleg for alt materiale som vert lånt på kortet. Tap og skader må erstattast etter biblioteket sine reglar.

3. Lånetida er til vanleg 4 veker. Det er mogeleg å fornya lånet dersom materialet ikkje er reservert av andre.

Dei viktigaste unntaka er:

Språkkurs: 2 månader

Tidsskrift:   2 veker. Nyaste nummer er ikke til utlån.

 Delar av biblioteket sine samlingar er ikkje til utlån, men må brukast i biblioteket.

4. Det er høve til å reservera bøker. Biblioteket kan òg låna inn bøker frå andre bibliotek. Då gjeld eigarbiblioteket sine reglar. Lånaren kan òg sjølv tinga og reservera bøker ved å logga seg inn på heimesida.

5. Personalet har teieplikt om alt som gjeld lånarane og utlån.

6. Ved misleghald kan lånaren mista retten til å låna.