Leser søker bok
Leser søker bok
Leser søker bok er ein allianse som arbeider for at alle skal ha tilgang til god litteratur. Dette gjer dei gjennom å gje støtte til forfattarar, illustratørar og forlag som ønskjer å gje ut bøker som er tilpassa ulik leseevne.
Sogndal bibliotek er eit Bok til alle-bibliotek. Det inneber å gje eit godt tilbod til dei som tykkjer "vanlege bøker" er utilgjengelege. I Bok til alle-bibliotek skal ein finna bøker som er lette å lesa og ein kan få råd om kva for bøker som passar best for ulike lesevanskar.
Leser søker bok har ei eiga nettside med søk etter tilrettelagde bøker: www.boksøk.no