Lånekort
Alle kan låna bøker og andre media gratis på biblioteket. For å få lånekort må du ta med legitimasjon når du møter opp på biblioteket for å registrera deg som lånar. Du kan òg registrera deg på nett og henta lånekortet på biblioteket etterpå.
Dersom du registrerer deg med fødselsnummer eller DUF-nummer, får du eit nasjonalt lånekort som du kan bruka på bibliotek i heile landet. Alle lånarar over 15 år kan få nasjonalt lånekort.
Når du har fått lånekort, kan du gjerne lasta ned appen Bibliofil for å få lånekortet ditt på mobilen og enkel tilgang til låna dine. Du kan òg logga deg inn på Mi side på biblioteket si heimeside. Logg deg på med lånenummeret ditt som brukarnamn (dette står under strekkoden på lånekortet) og PIN. Kontakt gjerne biblioteket dersom du treng hjelp.
Lånarar som ikkje har fødselsnummer eller DUF-nummer eller som ikkje ønskjer å registrera seg med fødselsnummer, får eit lokalt lånekort som kan brukast på biblioteka i Sogndal kommune. Skular, barnehagar og andre institusjonar som ønskjer lånekort får lokalt lånekort. Lånekortet blir her registrert på institusjonen sitt namn, med ein ansvarsperson.
Barn får lånekort når dei byrjar på skulen. Barn under skulealder må låna på føresette sitt lånekort. Barn under 15 år må ha underskrift frå føresette for å få lånekort.
Lånereglar
Det er gratis å låna på biblioteket. Lånetida er til vanleg 4 veker, med nokre få unntak. Du kan fornya låna dine sjølv i Bibliofil eller kontakta oss på e-post eller telefon. Dersom lån ikkje er innlevert når lånefristen går ut, blir det sendt ut purring. Etter 3 purringar må materiale som ikkje er levert erstattast etter gjeldande minstesatsar. Dette for å sikra at biblioteket sine samlingar er tilgjengelege for flest mogleg lånarar. Lånereglane til Sogndal bibliotek og minstesatsar for erstatning.
Personvern og biblioteket. Sogndal bibliotek har ansvaret for at dei personopplysningane me får, til ei kvar tid blir handsama i samsvar med personopplysningslova.
Bestill bøker
Du kan bestilla bøker og andre media i biblioteket sin katalog. Dersom du ikkje finn det du leitar etter, kan du gjerne ta kontakt med biblioteket. Me bestiller òg gjerne inn materiale frå andre bibliotek. Du kan òg bestilla på eiga hand på Bibsok.no og få det levert på biblioteket ditt.