Besøk av skuleklassar på biblioteket

Me tek gjerne i mot skuleklassar og grupper på biblioteket. Kvart år får 3., 6., og 8. klasse særskild invitasjon til å koma på klassebesøk på biblioteket, men alle klassar er velkomne. Ta kontakt for å avtala tidspunkt på e-post: skranke@sogndal.folkebibl.no eller tlf. 57 62 96 60.

Eit besøk kan innehalda:

  • kort orientering om biblioteket og barneavdelinga
  • få hjelp til å finna bøker, rettleiing
  • bokprat og/eller høgtlesing

Bokkassar  

Me lagar gjerne til bokkassar som kan brukast i klassen. Bokkassane kan innehalda både skjønnlitterære bøker (barne- og ungdomsromanar, lettlestbøker eller biletbøker) og faktabøker.

Klassesett

Lærarar kan låna sett med bøker til bruk i undervisninga frå Bibliotekutvikling Vestland. Eit ordinært klassesett består vanlegvis av 25-30 eksemplar av same bok, men ein kan også låna gruppesett, som består av 5-15 eksemplar av same bok. Ein del lærarar vel å låna fleire gruppesett til klassen sin i staden for at heile klassen skal lesa same bok. Ein bestiller klassesetta sjølve og hentar dei på Sogndal bibliotek.  

 

Barnehagar på biblioteket

Barnehagane er velkomne til å besøka biblioteket. Me gjev gjerne tips om gode og nye biletbøker og hjelper til med å finna litteratur som passar til ulike tema barnehagen jobbar med.

Barnehagebibliotek

Fleire av barnehagane i Sogndal kommune har sitt eige barnehagebibliotek. Ta kontakt med biblioteket om din barnehage ønskjer å få eit lite minibibliotek. Då leverer me frå biblioteket bokkassar i barnehagen, slik at barn og foreldre kan låna bøker med seg heim. Bøkene blir bytta ut nokre gonger i året. Me kan òg ha ei lita lesestund når me leverer bøker i barnehagen, ta kontakt på førehand om dette er ønskjeleg.