Personvernerklæring for bruk av Bibliofil og eBokBib
Ansvarleg for datahandsaming:

Bibliotek-systemer AS samlar inn og bruker personopplysningar på vegner av Sogndal bibliotek. Bibliotek-systemer AS er datahandsamar for bibliotek i Noreg som nyttar biblioteksystema Bibliofil og eBokBib. Sogndal bibliotek ved leiar er ansvarleg for handsaming av personopplysningar i samband med tenestene våre.

Opplysningar du gir oss

Biblioteket handsamar opplysningar du sjølv gir oss. Det rettslege grunnlaget for slik handsaming er låneavtalen (GDPR artikkel 6 nr. 1b - "behandligen er nødvendig for å oppfylle en avtale som den registrerte er parti".

For å låna bøker og og andre medium eller nytta mange av dei andre tenestene våre, må du ha eit lånekort. Du får eit slikt kort når vi registrerer deg som lånar. Dersom du allereie har eit nasjonalt lånekort frå eit anna bibliotek, kan vi knyte det opp til Sogndal bibliotek. Dei same opplysningane vert handsama anten vi registrerer deg som ny lånar eller vi knyter eit lånekort du allereie har til vårt bibliotek.

Når vi registrerer deg som lånar vil vi samla inn og lagra opplysningane dine om namn, kontaktinformasjon (adresse, telefonnummer, e-post), fødselsdato eller  fødselsnummer/ID-nummer. Vi treng namnet ditt og kontaktinformasjon for å administrera lån, og dermed oppfylle avtalen vi har med deg. Vi tren fødselsdatoen din fordi den bestemmer kva du kan låne av oss og kva rettar du har (t.d. aldersgrense på DVD). Vidare samlar vi inn fødselsnummer/ID-nummer for å kunna kopla deg til  nasjonalt låneregister. Fødselsnummer er nødvendig for eintydig identifikasjon av personar. Du kan reservera deg mot å oppgi heile personnummeret ditt, men då kan vi berre gi deg eit lokalt lånekort som gjeld berre ved Sogndal bibliotek.

Nasjonalt lånarregister

Dette er ein nasjonal database med personopplysningar om bibliotekbrukarar. For at ein skal kunna bruka nasjonale lånekort, vert lånarane registrerte i ein felles database. I denne databasen vert det lagra opplysningar om:

Namn

Adresse

Evt. alternativ adresse

Telefonnummer

E-postadresse

Fødselsdato

Kryptert fødselsnummer (dersom lånaren ønskjer nasjonalt lånekort)

Kjønn

Føretrekt kontaktmetode: brev, SMS, e-post

Heimebibliotek: det biblioteket du brukar mest

PIN-kode for sjølvbeteningsautomatar og biblioteket sine web-løysingar (t.d. e-BokBib)

Lånergruppe (barn, vaksen)

Standardiserte koder for rettigheiter og avgrensingar i tilgang til tenester

Statistikk for siste hendingar (oppretting av lånekort, siste dato for lån, siste dato for purring osb)

Opplysing om evt. sperring av for lån med dato og årsak

Interesseområde og hugselister (som lånaren sjølv registrerer og administrerer)

Aktve lån inkludert informasjon om purringar og evt. rekningar

Lånehistorikk (når lånaren ønskjer å ta vare på det)

Utlånsmeldingar (reserveringsbrev, purringar, rekningar)

Aktive reserveringar

Aktive fjernlånsbestillingar

Lånehistorikk

Lånehistorikk vert rekna som ei sensitiv personopplysing i lovas forstand. Ei låneavtale er ikkje eit tilstrekkeleg rettsleg grunnlag for at biblioteket kan lagre slike opplysingar, og det krev difor samtykke frå deg for å vere lovleg. (GDPR artikkel 6 nr 1a) – «den registrerte har samtykket til behandling av sine personopplysninger for ett eller flere spesifikke formål») Du kan gi samtykke – og trekke det tilbake – ved å gjere eit aktivt val når du er logga inn i biblioteksystemet eller ebok-appen.

Standardinnstillinga i biblioteksystemet er at opplysingar om kva du låner, vert sletta når du leverer tilbake lånet, eller betaler erstatning for materiale som er tapt eller skada medan du har disponert det. Du kan logge deg inn på Mine sider og velje at systemet skal hugse lånehistorikken din. Eit slikt aktivt val er å rekne som samtykke. Viss du seinare ombestemmer deg og vel bort lagring av lånehistorikk, vil heile historikken bli sletta.

Standardinnstillingen i utlånssystemet for e-bøker er også at lånehistorikk ikkje vert lagra. Du kan gå inn i innstillingane og slå på (og av) lagring av lånehistorikk.

Lagring av lånehistorikk inneber at systemet lagrar informasjon om låna dine. Informasjonen inkluderer informasjon om materialet som vert lånt, dato og klokkeslett for utlån og innlevering og kva for bibliotek/filial materialet vert lånt eller levert tilbake ved.

Informasjonskapslar/cookies

Det rettslege grunnlaget for bruk av informasjonskapslar er GDPR artikkel 6 nr 1f), som tillet handsaming av opplysingar som er naudsynte for å ta i vare ei rettkommen interesse, som veg tyngre enn omsynet til personvernet for den enkelte. Interessa er å forbetre tenestene våre.

Nettstaden

Vi nyttar informasjonskapslar på nettstaden vår. Føremålet er å gjere brukaropplevinga betre for deg og gje oss høve til å forbetre tenestene våre. Informasjonskapslane lagrar mellom anna informasjon du legg inn og vil at nettsida skal hugse (t.d. brukarnamn, passord), slik at du slepp å skrive det inn kvar gong du vitjar nettstaden.

Informasjonskapslar er små tekstfiler som vert plasserte på datamaskina din når du vitjar ei nettside.

Vi lagrar ikkje informasjon som gjer at vi kan identifisere deg som person.

Det er frivillig for deg som nyttar nettstaden å oppgje personopplysingar i samband med tenester, til dømes å motta nyheitsbrev eller å sende inn skjema. Behandlingsgrunnlaget er i slike høve samtykke frå deg. (GDPR artikkel 6 nr 1a) – «den registrerte har samtykket til behandling av sine personopplysninger for ett eller flere spesifikke formål»)

Dersom du vitjar denne nettstaden, så samlar vi likevel inn avidentifiserte opplysingar om besøket gjennom verktøyet Google Analytics og Piwik. Avidentifisering inneber at ingen kan nytte opplysingane til å identifisere enkeltpersonar. Døme på kva statistikken gir svar på, er kor mange som nyttar ulike sider på nettstaden, kor lenge besøket varar, kva for nettstadar brukarane kjem frå og kva for nettlesarar som vert nytta.

Opplysingane vert behandla i avidentifisert og aggregert form. Vi samlar inn heile IP-adressa, men berre dei tre første gruppene i adressa vert brukte til å generere statistikk. Dersom IP-adressa består av nummera 195.159.103.82, vert berre 195.159.103.xx brukt. I tillegg vert IP-adressene behandla på aggregert nivå. Det vil seie at alle data vert slått saman til éi gruppe, og ikkje behandla individuelt.

Informasjonen som vert generert av ein informasjonskapsel ved bruk av nettstaden, vert sendt til Google og lagra på serverar i USA. Opplysingane er underlagt Google sine retningsliner.

Sider og artiklar på denne nettstaden kan ha innebygd innhald (t.d. videoar, bilete, deling i sosiale medium) frå andre nettstader. Slikt innhald vil fungere som om du var på den andre nettstaden. Desse andre nettstadene nyttar truleg også informasjonskapslar som samler data og sporer deg.

Kva kan du gjere?

Alle nettlesarar gjer det mogleg å begrense kva informasjonskapslane kan gjere. Dette kan du stille inn under sikkerheit og personvern i nettlesaren sine innstillingar. Nettlesaren lar deg også sjå over dei informasjonskapslane som er lagra på datamaskina, og gir deg høve til å slette dei. Dersom du ønsker å blokkere Google Analytics frå å spore deg, kan du nytte Google sitt nettlesar-tillegg: Google Analytics Opt-out Browser Add-on.

 

Utlånssystema

Biblioteksystemet nyttar både informasjonskapslar og lokalt lager i nett-tenestene og web-appen. Dette vert nytta for å tilpasse brukaropplevinga, mellom anna ved å gi høve til at nettlesaren kan hugse påloggingsinformasjon. Lokalt lager vert nytta der det er mogleg, og informasjonskapslar nyttast berre der det er behov for slik funksjonalitet. Dersom lånaren ikkje godtek bruk av informasjonskapslar, kan dette skruast av i nettlesaren, men då vil det vere vesentlege funksjonar i nett-tenestene som ikkje vil verke.

Lokalt lager lagrar informasjon i nettlesaren. Denne informasjonen er tilgjengeleg for programmet som utformar nettsida i brukaren sin nettlesar. Innhaldet i det lokale lageret vert ikkje lasta opp til nettstaden. Ein del av det lokale lageret (sesjonslageret) vert tømt når nettlesaren vert lukka. Den andre delen av det lokale lageret er permanent, og vert ikkje tømt.

eBokBib er tilgjengeleg som app for lånarane, og appen nyttar ikkje informasjonskapslar eller lokalt lager. eBokBib har nokre nett-tenester for søk og generell informasjon som nyttar både informasjonskapslar og lokalt lager.

Handtering av informasjonskapslar

På nettvett.no kan du lese om korleis du kan administrere informasjonskapslar, og få tips til sikrare bruk av internett

Innsyn og sletting av personopplysingar

Du kan krevje innsyn i opplysingane vi lagrar om deg, og krevje at dei vert retta om du finn feil. Du kan også avslutte låneavtalen din med oss når du vil, og be om at vi sletter personopplysingane dine. Det er ein føresetnad at alle lån er leverte tilbake, og at eventuelle rekningar er gjort opp, slik at vi ikkje lenger treng opplysingane for å oppfylle avtalen.

Du kan logge inn på Mine sider for å få oversikt over det meste av opplysingane biblioteket har om deg. Om du vil ha utvida innsyn i personopplysingane dine, eller ønsker sletting av informasjon, kan du kontakte biblioteket ditt.