Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Personvernerklæring

Ansvarleg for datahandsaming:

Bibliotek-systemer AS samlar inn og brukar personopplysningar på vegner av Sogndal bibliotek. Bibliotek-systemer AS er datahandsamar for bibliotek i Noreg som nyttar biblioteksystemet Bibliofil. Sogndal bibliotek ved leiar er ansvarleg for handsaming av personopplysningar i samband med tenestene våre.

 

Opplysningar du gir oss

Biblioteket handsamar opplysningar du sjølv gir oss. Det rettslege grunnlaget for slik handsaming er låneavtalen (GDPR artikkel 6 nr. 1b - "behandligen er nødvendig for å oppfylle en avtale som den registrerte er parti".

For å låna bøker og og andre medium eller nytta mange av dei andre tenestene våre, må du ha eit lånekort. Du får eit slikt kort når vi registrerer deg som lånar. Dersom du allereie har eit nasjonalt lånekort frå eit anna bibliotek, kan vi knyte det opp til Sogndal bibliotek. Dei same opplysningane vert handsama anten vi registrerer deg som ny lånar eller vi knyter eit lånekort du allereie har til vårt bibliotek.

Når vi registrerer deg som lånar vil vi samla inn og lagra opplysningane dine om namn, kontaktinformasjon (adresse, telefonnummer, e-post), fødselsdato eller  fødselsnummer/ID-nummer. Vi treng namnet ditt og kontaktinformasjon for å administrera lån, og dermed oppfylla avtalen vi har med deg. Vi treng fødselsdatoen din fordi den bestemmer kva du kan låna av oss og kva rettar du har (t.d. aldersgrense på DVD). Vidare samlar vi inn fødselsnummer/ID-nummer for å kunna kopla deg til nasjonalt låneregister. Fødselsnummer er nødvendig for eintydig identifikasjon av personar. Du kan reservera deg mot å oppgi heile personnummeret ditt, men då kan vi berre gi deg eit lokalt lånekort som berre gjeld ved Sogndal bibliotek.

 

Nasjonalt lånarregister

Dette er ein nasjonal database med personopplysningar om bibliotekbrukarar. For at ein skal kunna bruka nasjonale lånekort, vert lånarane registrerte i ein felles database. I denne databasen vert det lagra opplysningar om:

Namn

Adresse

Evt. alternativ adresse

Telefonnummer

E-postadresse

Fødselsdato

Kryptert fødselsnummer (dersom lånaren ønskjer nasjonalt lånekort)

Kjønn

Føretrekt kontaktmetode: brev, SMS, e-post

Heimebibliotek: det biblioteket du brukar mest

PIN-kode for sjølvbeteningsautomatar og biblioteket sine web-løysingar (t.d. BookBites)

Lånargruppe (barn, vaksen)

Standardiserte kodar for rettigheiter og avgrensingar i tilgang til tenester

Statistikk for siste hendingar (oppretting av lånekort, siste dato for lån, siste dato for purring osb)

Opplysing om ev. sperring for lån med dato og årsak

Interesseområde og hugselister (som lånaren sjølv registrerer og administrerer)

Aktve lån inkludert informasjon om purringar og evt. rekningar

Lånehistorikk (når lånaren ønskjer å ta vare på det)

Utlånsmeldingar (reserveringsbrev, purringar, rekningar)

Aktive reserveringar

Aktive fjernlånsbestillingar

 

Lånehistorikk

Lånehistorikk vert rekna som ei sensitiv personopplysing i lovas forstand. Ei låneavtale er ikkje eit tilstrekkeleg rettsleg grunnlag for at biblioteket kan lagra slike opplysingar, og det krev difor samtykke frå deg for å vera lovleg. (GDPR artikkel 6 nr 1a) – «den registrerte har samtykket til behandling av sine personopplysninger for ett eller flere spesifikke formål») Du kan gi samtykke – og trekka det tilbake – ved å gjera eit aktivt val når du er logga inn i biblioteksystemet eller ebok-appen.

Standardinnstillinga i biblioteksystemet er at opplysingar om kva du låner, vert sletta når du leverer tilbake lånet, eller betaler erstatning for materiale som er tapt eller skada medan du har disponert det. Du kan logga deg inn på Mine sider og velja at systemet skal hugsa lånehistorikken din. Eit slikt aktivt val er å rekna som samtykke. Viss du seinare ombestemmer deg og vel bort lagring av lånehistorikk, vil heile historikken bli sletta.

Standardinnstillingen i utlånssystemet for e-bøker er også at lånehistorikk ikkje vert lagra. Du kan gå inn i innstillingane og slå på (og av) lagring av lånehistorikk.

Lagring av lånehistorikk inneber at systemet lagrar informasjon om låna dine. Informasjonen inkluderer informasjon om materialet som vert lånt, dato og klokkeslett for utlån og innlevering og kva for bibliotek/filial materialet vert lånt eller levert tilbake ved.

 

Informasjonskapslar/cookies

Det rettslege grunnlaget for bruk av informasjonskapslar er GDPR artikkel 6 nr 1f), som tillet handsaming av opplysingar som er naudsynte for å ta i vare ei rettkommen interesse, som veg tyngre enn omsynet til personvernet for den enkelte. Interessa er å forbetra tenestene våre.

 

Nettstaden

Vi nyttar informasjonskapslar på nettstaden vår. Føremålet er å gjera brukaropplevinga betre for deg og gje oss høve til å forbetra tenestene våre. Informasjonskapslane lagrar mellom anna informasjon du legg inn og vil at nettsida skal hugsa (t.d. brukarnamn, passord), slik at du slepp å skriva det inn kvar gong du vitjar nettstaden.

Informasjonskapslar er små tekstfiler som vert plasserte på datamaskina din når du vitjar ei nettside.

Vi lagrar ikkje informasjon som gjer at vi kan identifisera deg som person.

Det er frivillig for deg som nyttar nettstaden å oppgje personopplysingar i samband med tenester, til dømes å motta nyheitsbrev eller å sende inn skjema. Behandlingsgrunnlaget er i slike høve samtykke frå deg. (GDPR artikkel 6 nr 1a) – «den registrerte har samtykket til behandling av sine personopplysninger for ett eller flere spesifikke formål»)

Dersom du vitjar denne nettstaden, så samlar vi likevel inn avidentifiserte opplysingar om besøket gjennom verktøyet Google Analytics og Piwik. Avidentifisering inneber at ingen kan nytte opplysingane til å identifisera enkeltpersonar. Døme på kva statistikken gir svar på, er kor mange som nyttar ulike sider på nettstaden, kor lenge besøket varar, kva for nettstadar brukarane kjem frå og kva for nettlesarar som vert nytta.

Opplysingane vert behandla i avidentifisert og aggregert form. Vi samlar inn heile IP-adressa, men berre dei tre første gruppene i adressa vert brukte til å generera statistikk. Dersom IP-adressa består av nummera 195.159.103.82, vert berre 195.159.103.xx brukt. I tillegg vert IP-adressene behandla på aggregert nivå. Det vil seia at alle data vert slått saman til éi gruppe, og ikkje behandla individuelt.

Informasjonen som vert generert av ein informasjonskapsel ved bruk av nettstaden, vert sendt til Google og lagra på serverar i USA. Opplysingane er underlagt Google sine retningsliner.

Sider og artiklar på denne nettstaden kan ha innebygd innhald (t.d. videoar, bilete, deling i sosiale medium) frå andre nettstader. Slikt innhald vil fungera som om du var på den andre nettstaden. Desse andre nettstadene nyttar truleg også informasjonskapslar som samlar data og sporar deg.

 

Kva kan du gjera?

Alle nettlesarar gjer det mogleg å begrensa kva informasjonskapslane kan gjera. Dette kan du stilla inn under sikkerheit og personvern i nettlesaren sine innstillingar. Nettlesaren lar deg også sjå over dei informasjonskapslane som er lagra på datamaskina, og gir deg høve til å sletta dei. Dersom du ønskjer å blokkera Google Analytics frå å spora deg, kan du nytta Google sitt nettlesar-tillegg: Google Analytics Opt-out Browser Add-on.

 

Utlånssystema

Biblioteksystemet nyttar både informasjonskapslar og lokalt lager i nett-tenestene og web-appen. Dette vert nytta for å tilpassa brukaropplevinga, mellom anna ved å gi høve til at nettlesaren kan hugsa påloggingsinformasjon. Lokalt lager vert nytta der det er mogleg, og informasjonskapslar nyttast berre der det er behov for slik funksjonalitet. Dersom lånaren ikkje godtek bruk av informasjonskapslar, kan dette skruast av i nettlesaren, men då vil det vera vesentlege funksjonar i nett-tenestene som ikkje vil verka.

Lokalt lager lagrar informasjon i nettlesaren. Denne informasjonen er tilgjengeleg for programmet som utformar nettsida i brukaren sin nettlesar. Innhaldet i det lokale lageret vert ikkje lasta opp til nettstaden. Ein del av det lokale lageret (sesjonslageret) vert tømt når nettlesaren vert lukka. Den andre delen av det lokale lageret er permanent, og vert ikkje tømt.

 

Handtering av informasjonskapslar

På nettvett.no kan du lesa om korleis du kan administrera informasjonskapslar, og få tips til sikrare bruk av internett.

 

Innsyn og sletting av personopplysingar

Du kan krevja innsyn i opplysingane vi lagrar om deg, og krevja at dei vert retta om du finn feil. Du kan også avslutta låneavtalen din med oss når du vil, og be om at vi slettar personopplysingane dine. Det er ein føresetnad at alle lån er leverte tilbake, og at eventuelle rekningar er gjort opp, slik at vi ikkje lenger treng opplysingane for å oppfylla avtalen.

Du kan logga inn på Mine sider for å få oversikt over det meste av opplysingane biblioteket har om deg. Om du vil ha utvida innsyn i personopplysingane dine, eller ønskjer sletting av informasjon, kan du kontakta biblioteket ditt.