Leser søker bok. Sogndal bibliotek har ein avtale med "Leser søker bok" om å vera eit "Bok til alle"-bibliotek. Denne avtalen garanterer for at biblioteket kan gje eit bra tilbod til dei som synest vanlege bøker er utilgjengelege.

Det finst bøker spesielt tilrettelagt både for psykisk utviklingshemma - både vaksne, barn og ungdom, for personar med demens og for dei som ser eller høyrer dårleg. Bøkene står med spesielle fargekodar på ei eiga hylle i biblioteket.