Tilbod til skulane
Klassebesøk
I tillegg til at alle skuleklassar er hjarteleg velkomne til å besøka oss når dei ønskjer, er det kvart år 3., 6., og 8. klasse som får spesiell invitasjon til å koma på klassebesøk på biblioteket. Ta kontakt for å avtala tidspunkt: skranke@sogndal.folkebibl.no eller tlf. 57 62 96 60.
Eit besøk kan innehalda:
- kort orientering om biblioteket og barneavdelinga
- få hjelp til å finna bøker, rettleiing
- bokprat og/eller høgtlesing
Bokkassar
Vi lagar gjerne til bokkassar som kan brukast i klassen. Desse kan bestillast på tlf. 57 62 96 60 eller e-post skranke@sogndal.folkebibl.no.
Bokkassane kan innehalda både skjønnlitterære bøker (barne- og ungdomsromanar, lettlestbøker eller biletbøker) og faktabøker.
Det er fint dersom me får oppgjeve:
- type bøker / tema (til dømes faktabøker, skjønnlitteratur, nynorsk, lettlestbøker, biletbøker)
- antall bøker
- klassetrinn / alder
- kor lenge ein ønskjer å låna bøkene
Klassesett
Lærarar kan låna sett med bøker til bruk i undervisninga frå Sogn og Fjordane fylkesbibliotek. Eit ordinært klassesett består vanlegvis av 25-30 eksemplar av same bok, men ein kan også låna gruppesett, som består av 5-15 eksemplar av same bok. Ein del lærarar vel å låne fleire gruppesett til klassen sin i staden for at heile klassen skal lese same bok. På fylkesbiblioteket sine nettsider finn du tips til lesesett for ulike klassetrinn. Ta kontakt med fylkesbiblioteket direkte for å bestilla.