Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Kva har biblioteket?

Vi har masse gode barnebøker, sjå kva anna du kan låna:

Biletbøker

  • Barn kan bli presentert for bøker frå dei er bittesmå. Biletbøker og peikebøker er fine å bla i saman med ein vaksen. Med barnet i armkroken får foreldre og barn ei koseleg stund saman.
  • billedbokhylla.no kan ein lesa bøker i fulltekst på nett.
  • Vi har bøker med stive permar og tjukkare sider, som egnar seg for dei minste barna.
  • Biletbøker passar både for barn i førskulealder og for barn som går på småskulesteget.
  • Nokre biletbøker har store bokstavar og lite tekst, og kan vera fine når ein skal læra å lesa sjølv.
  • Alle bøker kan lånast i 4 veker.

 

Barnebøker

  • Vi har mange forskjellige barnebøker i barneavdelinga. Vi har skumle bøker, spennande bøker, morosame bøker, detektivbøker, bøker om forelsking og mange andre bøker. 
  • Vi har faktabøker om dyr som hundar, kattar, haiar og dinosaurar. I tillegg kan du finna bøker om naturfenomen som jordskjelv, vulkanar og tsunamiar eller bøker der du kan læra meir om sport, geografi (atlas), trafikken eller kroppen.  

 

Lydbøker

  • Lytt til ei bok! På biblioteket finn du lydbøker for barn i alle aldrar.
  • Du kan låna lydbok på cd eller på digikort.
  • Lånetida for lydbøker er 4 veker.

 

Filmar

  • Biblioteket har dvd'ar for barn til utlån på biblioteket. 
  • Lånetida på filmar er 1 veke.
 

 Spel

  • Vi har PC-spel og spel til Nintendo DS til heimlån.
  • Utlånstida på PC-spel og DS-spel er 4 veker.
  • Du kan spela Nintendo Wii og Nintendo DS på biblioteket.
  • Spela til Wii er berre til bruk på biblioteket.

 

Musikk

  • Vi har musikk på CD for dei minste barna.
  • Lånetida for musikk-cd'ar er 4 veker.  

 

Teikneseriar og tidsskrifter

  • Vi har teikneseriar til utlån i barneavdelinga. Vi har alltid nyaste Donald Duck, som kan lesast på biblioteket. I tillegg har vi Donald Junior, som inneheld små historier i store ruter med enkle lettleste tekstar.
  • Nyaste nummer av eit blad eller eit tidsskrift er ikkje til utlån, men kan lesast på biblioteket.
  • Lånetida for teikneseriar og tidsskrift er to veker.
  • Ridehesten, Nysgjerrigper, Kløverknekten og Norsk Barneblad er tidsskrift du finn i barneavdelinga.
  • Vi har Aftenposten Junior - ei vekeavis der barn kan følgja med på det som skjer

 

 

Tips ein ven  Skriv ut