Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
vetlelid

Vetle Lid Larssen: Hvordan elske en far – og overleve

Biografi i romanform vil eg kalla denne boka.

Lars Andreas Larssen er ein kjend person for dei fleste. Skodespelaren fekk alzheimerdiagnosen i 2003 (VG 21/10-2013), og han prøvde å leva som vanleg i fleire år før det blei kjent. Som pårørande sto Vetle Lid Larssen fram i 2013 då TV-aksjonen gjekk av stabelen til inntekt for demenssaka.

I boka fortel forfattaren meir om korleis det er å veksa opp med ein sterk far. Den spring litt i tid, og blandar kampen han hadde i far-son relasjon. Det vart ein oppvekst med ein far som blei ein kjend person. Og i vaksen alder korleis sjukdommen til faren etter kvart blei tydeleg. Den store beundringa for far sin, kjærleiken, men og trongen til å hevda seg over faren!

Dagbladet, 29/08-2015:

«Forbilde og konkurrent

- Faren din er ditt største forbilde, men også din store konkurrent. Du må kjempe mot ham for å bli et selvstendig menneske. Det kan være både absurd, smertefullt og komisk, sier Vetle Lid Larssen.

. Hvis du i tillegg velger en yrkesvei som ligner på hans, er det duket for de store konfrontasjoner. Slik det ble for oss. Men kjærligheten lå alltid rett bak, sier han.»

 

Dette er ei av dei betre bøkene eg har lese om demens som tema. Sikkert mykje på grunn av vinklinga, men sjølvsagt og fordi Vetle Lid Larssen skriv godt!

Sidsel

Eg vil låna boka

alberta

Adresse Alberta av Victoria Bø (2016)

Forfattaren, fødd i 1972 i Fredrikstad, bur og arbeider i Oslo. Ho er utdanna statsvitar frå London og underviser no mellom anna i kreativ skriving.

 

Jenni er norsk, men kom som ung til Canada og vart verande der. Ho gifta seg med ein bonde og dei har vore på garden heile tida. Dei har eit velordna liv og sonen bur saman med dei. Så endrar alt seg. Mannen til Jenni vil skiljast og reiser til Arizona med den nye dama og sonen. Ho får tre månader på seg til å pakka og koma seg bort frå garden som skal leigast ut.

Romanen er uhyre velskriven og spanande. Skildringane er levande og truverdige. Dette er ei bok som er vanskeleg å leggja frå seg.

 

Kari Johanna

Eg vil låna boka

 

stien

Stien, Laila: Over elva : noveller

Dette er Stien si niande novellesamling. Boka som kom ut hausten 2015, inneheld 7 noveller. Denne samlinga meiner eg inneheld nokon av dei sterkaste novellene ho har skrive sidan debuten i 1979, og det seier ikkje lite, for ho ha mange sterke noveller tidlegare og.

Ho skildrar vanlege menneske sin kvardag i forskjellige fasar av livet, om omsorg, relasjonar mellom menneske og om kor sårbare vi menneske er. Og ho fortel svært mykje mellom linene som får oss til å undrast, tenkja sjølv: kva no?

For novella «Besøk» i denne samlinga fekk Stien NRK sin pris for årets beste novelle i 2015 i konkurranse med 12 andre forfattarar.  Juryen seier dette om denne novella: «Den er klassisk, stillfaren og uten stor ytre handling, men med en sterk intensitet og dirrende undertekst. En kvinne er alene i huset, en mann kommer på besøk – men hva er egentlig hennes historie, og hva er det hun har flyktet fra? Stien forteller nydelig, og mest mellom linjene.»

 

Signe

Eg vil låna boka

jerv2

Bergenstoget plyndret i natt! av Jonathan Jerv

Dette er ei lita perle av ein påskekrim, gitt ut i 1923 av Nordahl Grieg og Niels Lie under pseudonymet Jonathan Jerv. I forordet fortel Niels Lie om korleis denne røvarromanen vart til.

Eg samlar på bøker i «Den svarte serie», kvalitetskrim gitt ut på Gyldendal, og her har de ein av perlene i samlinga! Ein studiegjeng i pengeknipe set føre seg å rana Bergenstoget natta til 1. april, og satsar på at politiet trur det er ein aprilsnarr når dei får meldinga.

Påskefjellet og fabelaktige prestasjonar i skisporet står sentralt i handlinga, ispedd kjærleik og dårleg samvit.

Anbefalast for krimelskarar.

Lise

Eg vil låna boka

snøhvit

Snøhvit må dø av Nele Neuhaus.

Det er ikkje så ofte at krimforfattarar frå Tyskland vert oversett til norsk, men her kjem gjennombruddsromanen til Nele Neuhaus. Sjeldan har eg vorte lurt så mange gonger! Kvar gong eg trudde eg visste kven mordaren var, tok handlinga ei ny vending. Eg vil ikkje busetja meg i ei tysk lita bygd, så mykje er sikkert etter å ha lese denne romanen!

Tobias vert lauslatt frå fengselet, der han har sona ein dom for mord på kjærasten og ekskjærasten sin. Han hugsar ingen ting frå handlinga han er dømd for, og jentene er ikkje funne. Samstundes vert det funne eit skjelett på ein nedlagt flyplass.

Mykje har skjedd på dei ti åra Tobias har vore borte frå småbyen, men hatet mot han er framleis sterkt.  Berre barndomsvenninna hans og ei ung jente som arbeider på vertshuset vil ha kontakt med han. Familien er utstøtt og ruinert. Då mor hans vert dytta ned frå ei gangbru, vert politiet kobla inn. Dei vert møtt med ein mur av tausheit, alle veit men ingen vil sei noko.

Det syner seg at mykje er uklårt i saka mot Tobias. Ein av etterforskarane ser på vitneprova mot han med nye auge, og derifrå vil eg ikkje sei meir...

Klokka vart nesten to natt til måndag før eg la frå meg boka, men det var ho verd.

Lise

Eg vil låna boka