Sigurd Kvåle 1902 - 1962

Sigurd Kvåle vart fødd på Kvåle i Sogndal i 1902. Faren var skomakar Lars Jensen og mora heitte Bertine Kvåle. Familien hadde gard og dyrka frukt. Sigurd var eldst av to brør.

I to år var Sigurd elev ved Sogndal folkehøgskule, deretter gjekk han lærarskulen på Stord. Han var ferdig utdanna lærar i 1924. Sigurd Kvåle budde fleire stader på Aust- og Vestlandet: Vigrestad, Aurskog, Torsnes, Tysvær.

I 1945 flytta han til Rælingen der han budde resten av livet. Sumarstid vitja han ofte Sogndal. Han var gift med Astrid, fødd Sandsmark, og dei fekk ein son: Per Lage Kvåle.

OM FORFATTARSKAPET
Stikkord for viktige tema i det Sigurd Kvåle skreiv er :


• Barn/ ungdom og gamle menneske.
• Bygdesamfunnet; sosiale og økonomiske tilhøve - særleg i mellomkrigstida
• Menneskesinnet
• Personar som fell utanfor det sosiale fellesskapet

Kritikarane er samde om at forfattaren nådde lengst som novellist, men han gav òg ut barneforteljingar og romanar. Dikt og noveller vart i samtida presenterte i ymse aviser og blad. (Td Nynorsk vekeblad, Jol i Sogn, Arbeidermagasinet). Mange har beklaga at lyrikken hans ikkje har kome i bokform.

Edvard Beyer,
professor i nordisk litteratur, skriv i novellesamlinga "Perler i prosa" om Sigurd Kvåle:

"Han er en av de få nynorsk-forfattere som har holdt seg til novellen. Av anlegg er han da også en utpreget novellist. Han har evnen til å samle alt i én situasjon. Han forteller raskt og spennende. Med få, enkle ord kan han antyde mye. Og han har sans for symbolikk - ikke den utspekulerte, men den som er ett med stoffet selv.
Alle disse egenskapene møter vi i "Krefter". Den ble skrevet under den annen verdenskrig. Sterkt og gripende forteller den om en dramatisk hending i tømmerskogen. Men den handler samtidig - og usøkt - om noe annet og mer."

I 1967 kom ei samling av novellene hans ut på Samlaget. Halldis Moren Vesaas stod for utvalet og i forordet skriv ho:
"--- Glede over at så fine ting som dei Sigurd Kvåle kunne skape, skal få ein slik sjanse til å ny nye lesarar, og over at det nett er han som får denne sjansen.
I den andre boka Sigurd Kvåle gav ut "Tider og år", står ei noveller som vart mykje lagt merke til da boka kom ut, den intense, gripande, psykologisk skarpsynte og nådelause "Du er bror min, Ivar". Den novella er framleis av det beste Sigurd Kvåle har skapt. Dei livsens stebarn som vesle Ivar hører blant, har tydeleg stått hjarta hans særleg nær. Av livssyn var vel Kvåle sosialist. I mangt av det han skreiv, finst ein klart indignasjon over slik urett som menneske har gjort mot kvarandre, men som dei òg kan - og med tida skal - bøte på.
--- Men kva med den uretten som ingen slags framsteg heilt kan rydde ut? Det er framfor alt den uretten som opptek Sigurd Kvåle og fyller han med smertefylt medkjensle.
Kvifor leikar livet så blindt med menneskelagnader? --- Når denne forfattaren var så oppteken av Ivar-ane og andre menneske som lite kan verje seg mot ein lunefull lagnad, hang det sikker saman med ei grunninnstilling hos han: hans vare livsundring, hans djupe respekt for mennesket. Den møter ein i alt han har skrive, same kva slags motiv han tek opp."

Novellene er å finna i fleire leseverk for skulen.

Sigurd Kvåle gav òg ut romanen "Siglaren" ein samtidsroman om bygdesamfunnet. Denne boka syner klårt Kvåle sitt samfunnsengasjement. Han skildrar her dei økonomiske og sosiale tilhøva - og særleg då skuggesidene - i ei bygd i 1930-åra. Viktig i boka er òg utviklinga hjå den unge Jostein Hamar - frå personleg krise til aktivt arbeid for eit betre samfunn. Han gir eit klårt bilete av motsetningane mellom dei jord- og arbeidslause på den eine sida og storbønder og embetsstand på den andre.

Sigurd Kvåle har òg fått ros for sine barneforteljingar. I Norges litteraturhistorie (Cappelen 1975) skriv
Kjølv Egeland:

"Den fine språkkunstneren Kvåle kommer overbevisende fram ikke minst i hans barnefortellinger".

"Håvard på Eggvin" (1943) og "Sterkesmeden" (1948) er to lettlesne romanar eller folkelivsskildringar. Her finn me både romantikk og dramatikk i bygdesamfunnet. Forfattaren sine røter kjem klårt fram både i språket og natur- og miljøskildringane

Litteraturliste - bøker av Sigurd Kvåle:

• Når det blir natt: Noveller.  Oslo Norli 1933. 90 s.
• Tider og år: Noveller. Oslo Norli 1935. 122 s.
• Over fårlege fjell: Forteljingar for born. Oslo Norli 1936. 110 s.
• Siglaren: Roman. Oslo Norli 1937. 258 s.
• Sylen: Noveller. Oslo Norli 1938. 123 s.
• Byttingen Velaug: Roman. Fredrikstad 1941.
• Håvard på Eggvin: Folkelivsskildring/ Roman. Oslo Fonna 1942. 158 s.
• Kyrkja brenn: Novelle. I: 16 mann forteller. Oslo 1943. S.44-58
• Krefter: Noveller. Oslo Norli 1946. 129 s.
• Sterkesmeden: Ei soge om kjærleik og mot og styrke: Roman ( Under psevd. Sverre Tuun). Oslo Fonna 1948.  197 s.
• Pelle Skauen og andre småsoger: Barnebok. Oslo Ansgar 1950. 96 s.
• Natta og eg: Noveller i utval ved Halldis Moren Vesaas. Oslo Samlaget 1967. 180 s.

Oversyn over noveller og dikt

Litteraturliste - artiklar om Sigurd Kvåle

 • Bondevik, Jarle: Forfattaren og heimemiljøet. S.16-18 i Sogn og Fjordane magasin nr 4/5, 1987.
• Loen, Olav A.: Sigurd Kvåle. S.11-13 i Jol i Sogn 1966.
• Bukdahl, Jørgen: Ein ny nynorsk novellist. (4 s.) I: Syn og segn, 1935
• Lund-Iversen, Carl Lauritz: Forfattaren Sigurd Kvåle. 2 artiklar i Sogningen/ Sogns avis, 24.mai og 26.mai 1977.
• Lund-Iversen, Carl Lauritz: Å verte gløymd kan hende dei beste. I Sogn og Fjordane 6.mars 1987.
• Hauge, Alfred: Heime hos skrivande folk. Sigurd Kvåle. I Stavanger aftenblad, 5.mai 1962.

Sogndal bibliotek har i lokalsamlinga ein del avisklipp med bokmeldingar o.l. og i Fjognedokbasen (Sogn og Fjordane fylkesbibliotek sin artikkelbase) kan ein finna ein del noveller og dikt som ikkje har vore utgitt i bokform.