Kommunalt arkivmateriale:

Mykje av det eldre arkivmaterialet frå Sogndal kommune frå 1837 til om lag 1970-80 vert oppbevart i Lokalhistorisk arkiv for Sogndal. Sjå oversikt her: Fylkeskommunale, kommunale og private arkiv. Saksregister til møtebøker for kommunestyre og formannskap frå 1837 til 1905 Sjå: Møtebokregister. Sakene er scanna til og med 1895.

Privatarkiv:

Arkivmateriale frå lag, organisasjonar og privatpersonar i Sogndal kommune vert og oppbevart i Lokalhistorisk arkiv. Oversyn over slike arkiv finn du her: Lag og organisasjonar med arkivopplysningar

Alt arkivmateriale som ikkje er klausulert, kan du be om å få sjå i biblioteket. Du må fylla ut eit skjema med  namnet ditt, kva du ønskjer å sjå og kva du skal bruka det til. Arkivmateriale kan ikkje lånast med heim.

Dersom du har, eller veit om nokon som har, møteprotokollar eller ringpermar med arkivmateriale frå t.d. eit lag eller ein organisasjon som anten er lagt ned eller som har utskrivne møtebøker oppbevart heime eller på eit kontor, kan du ta kontakt med Sogndal bibliotek for trygg oppbevaring. Tlf. 57 62 96 60 eller epost: skranke@sogndal.folkebibl.no