Bok til alle

Ein av tre vaksne slit med å få med seg innhaldet i vanleg tekst. Leser søker bok er ein allianse som arbeider for at alle skal ha tilgang til god litteratur. Dette gjer dei gjennom å gje støtte til forfattarar, illustratørar og forlag som ønskjer å gje ut bøker som er tilpassa ulik leseevne. Dermed kan alle  lesarar finna gode bøker.

Sogndal bibliotek er eit Bok til alle-bibliotek. Eit bibliotek med Bok til alle har ein avtale med Leser søker bok og inneber at vi skal gje eit bra tilbod til dei som tykkjer vanlege bøker er utilgjengelege. I Bok til alle-bibliotek skal ein finna bøker som er lette å lesa og ein kan få råd om kva for bøker som  passar best for ulike lesevanskar.  
 

Leser søker bok har ei eiga nettside med søk etter tilrettelagde bøker: www.boksøk.no