Bolette Christine Pavels Larsen 1847-1904

Bolette var målkvinne, kritikar, omsetjar og forfattar frå Sogn. Ho var fødd i Sogndal, men budde mykje hjå morsslekta i Ytre Kroken (i Luster kommune). Det meste av sitt vaksne liv budde ho i Bergen der ho var hovudkritikar i Bergens Tidende, ei uvanleg stilling for ei kvinne, i ei tid då litteraturkritikk var førstesidestoff i avisene.  Frå 1891 var ho fast sommargjest i Fjærland.

Bolette var den fyrste som skreiv på sognamål, og det var i 1897 at boka hennar "Smaoe skjeldringa" kom ut. Denne inneheld fine folkelege forteljingar og miljøet er ofte henta frå Indre Sogn. Boka vart utgjeve i parallellutgåve på dansk-norsk. Denne utgåva inneheld fleire forteljingar enn sognemålsutgåva. 

Til høgre på denne sida i wikipedia kan du høyre Ingrid Anne Yttri lesa tre forteljingar på dialekt:

https://nn.wikipedia.org/wiki/Bolette_C._Pavels_Larsen

Novellesamlinga "Kløver og klunger" kom ut i 1902. Også denne inneheld forteljingar med tema frå Sogn og vart skriven på dansk-norsk. Fleire av Bolette sine tekstar vart publisert i blad eller aviser.

Bolette var aktiv i Vestmannalaget. Dette er det eldste mållaget i Noreg, stifta av Henrik Krohn. Gå til katalogen og finn kva biblioteket har om og av Henrik Krohn!

Sogndal bibliotek fekk i 1998 utarbeidd eit undervisningsopplegg for ungdomsskulen om ho. Med Bolette vil elevane ha ein fin innfallsport både til dialektkunnskap, språkhistorie, lokal og nasjonal historie frå denne tida. I dette undervisningsheftet er òg ein del av novellene hennar med. I samband med undervisningsopplegget vart det i tillegg produsert ein kassett der ein del av tekstane hennar er innlesne.

I 1997 gav Idar Stegane ut ei bok om Bolette på Eide forlag. Han omtalar særleg verksemda hennar som kritikar og brevskrivar. Også her er ein del av forteljingane hennar med.

Kvinner i nynorsk prosa - Anton Aure si bok frå 1916 har eit kapittel om Bolette Christine Pavels Larsen. (Nasjonalbiblioteket)

Les meir om Bolette! Her finn du ei litteraturliste over aktuelle artiklar  og bøker om forfattaren.