Kva er "Bok på døra"? Har du vanskar med å koma deg på biblioteket sjølv? Grunnane kan vera mange: sjukdom, alder, glatt føre... Uansett årsak har vi eit tilbod til deg som vil ha bøker levert på døra! Sogndal bibliotek ønskjer å ha eit tilbod som du kan ha nytte av! Røde Kors har frå før ei besøksteneste og vi har ingått eit godt samarbeid. Lån og levering er heilt gratis!

Korleis fungerer tilbodet? Sogndal Røde Kors omsorg leverer bøkene heim på døra di ein gong i månaden og hentar eventuelt det du er ferdig med å lesa. Som lånar kan du sjølv bestilla bøker eller anna du ønskjer å låna, eller vi på biblioteket kan finna fram bøker av ein spesiell sjanger som du likar. Dersom du ynskjer lenger lånetid kan vi gjere avtale om det.

Kva kan du låna? Du kan låna alt som andre lånarar kan: bøker, lydbøker, tidsskrift, musikk og film

Kva må du gjera? Vil du prøva tilbodet vårt, eller berre få meir informasjon - ta kontakt med Sogndal bibliotek, tlf. 57 62 96 60. Deretter avtalar vi tidspunkt for levering som passar deg. Om du vil ha meir informasjon om "Bok på døra", kan du òg ringja Gerd Hillestad frå Sogndal Røde Kors omsorg, tlf. 47 60 71 74