Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
den usynlige mannen

Den usynlige mannen fra Salem av Christoffer Carlsson.

Til påske er det krim som gjeld, og her er ein ny svensk serie med den suspenderte politimannen Leo Junker i hovudrolla.

Hovudpersonen  veks opp i bydelen Salem i Stockholm. Det er eit tøft ungdomsmiljø som vert skildra, med rusproblematikk, mobbing og småkriminalitet. Venskapsbanda er og sterke, og Leo møter John og seinare søstera Julia som han vert sterkt knytt til.

No møter vi ein Leo som er suspendert frå jobben i politiet. Ei jente vert drepen i eit hospits i same huset som han bur i, og noko ved mordet gjer at fortida vert vekka opp att hjå han. Vi følgjer jakta på gjerningsmannen gjennom den dystre og sorgfulle notida, og med tilbakeblikk som gjer den usynlege mannen meir og meir tydeleg.

Ei velskreven og gripande historie.

Lise

Eg vil låna boka

mankell

Kvikksand - En alvorlig historie om gleden ved livet. Av Henning Mankell, Gyldendal 2015

Biografisk

Henning Mankell døydde hausten 2015. Han fekk kreftdiagnose i januar 2014, kreften hadde spreidd seg.

Boka han skreiv i 2014 er ei bok full av minne frå tidleg barndom og fram til han er i gang med behandlingar. Henning Mankell gir oss eit innblikk i betraktningar og opplevingar, og innblikk i stor kunnskap om mange tema. Han byr på mykje glede og tankar om kva det er å vera eit menneske.

Det er korte kapittel i boka og det gjer den lettlest.

Henning Mankell har levd eit langt og rikt liv, og i denne boka illustrerer han si eiga, men også menneskeheita sin nyfikenheit og kraft til å ville forstå det som skjer rundt oss. Vi blir presentert for korleis ein gjennom livet byggjer seg eit palass for minne men også etterkvart gjer oss nytte seg av evna til å kunne gløyma. 

Der er ingen overveldande spenning i denne boka, men ser du på den som ein avskjed frå ein elska forfattar, vil du nok setja pris på det du les.

Sidsel

Eg vil låna boka

marina

Marina Fiorato: Fruen av Soronno (2010)

Forfattaren er halvt italiensk. Ho er utdanna i historie. Denne romanen har handlingi si frå 1500-talet. Bernardino Luini, ein av elevane til Leonardo da Vinci, har fått i oppdrag å måla ei freske i ei kyrkje i Lombardia. Der møter han Simonetta di Saronno, ei ung enkje. Målaren blir fasinert av den vakre kvinna. Livet er vanskeleg for Simonetta. Ho er fattig, men ved hjelp av ein jøde, får ho ideen til å laga ein drikk av mandlar. Handlingi i romanen er spanande og til tider sjokkerande. Her er drap og krig, men og romantikk. Ei fengslande bok om livet før. Boki høver for dei som likar historiske romaner.

Kari Johanna

Eg vil låna boka

Maria Lang: Ingen penger til Vendela (1981)

Maria Lang (1914-1991) heitte eigentleg Dagmar Maria Lange. I si tid var ho Sverige sin mest produktive kriminalforfattar. Bøkene hennar gjev ein fint tidsbilete og syner endringane i samfunnet. Lang debuterte i 1949 med Mördaren ljuger inte ensam. I romanen eg har plukka ut startar det heile med ein romankonkurranse. Juryen plukkar ut manuset dei synest er best, men det syner seg at personen som står bakom har valt å vera anonym. Berre namnet Vendela og eit bilete av ei dame i kvite klede føl med manuset. Det syner seg etter kvart at Vendela  skriv om sitt eige liv. Etter kvart får me vita meir om kva som har hendt. Manuset syner seg å vera dagboki til Vendela. Maria Lang skriv svært engasjerande og mange av bøkene hennar er filma. Ho er ukomplisert og lett å lesa. Romanene hennar høver for dei som ynskjer lett underhaldning. Visstnok er det berre eit mord i kvar bok, men for mange lesarar er dette nok. Kanskje Maria Lang fortener ein renessanse?

Kari Johanna

Eg vil låna boka

bob

En gatekatt ved navn Bob - Og hvordan han reddet mitt liv av James Bowen.

Gatekatten Bob har nærmast vorte ein kjendis, ikkje berre i England men i heile verdi. Dette er ein sann historie fortalt av James sjølv. Han er narkoman som strevar med å verta rusfri. Like etter at han har fått seg leilegheit, oppdagar han ein forkommen katt i oppgangen. Katten er mager med sår og nakne felt i pelsen. Det går nokre dagar før James innser at han må gjera noko for denne skapningen. Han let katten flytta inn i husværet sitt og litt etter litt tek han fullt og heilt ansvar for Bob, som han kallar han. Det rare er at James faktisk vaknar til liv no han har fått ein levande skapning som er avhengig av han. Det er ein rørande historie om vennskapet mellom mannen og katten.

Boki kom i 2013. Forteljingi engasjerer, kanskje særleg for dei som likar kattar. Her er mykje humor og livsvisdom og.

Kari Johanna

Eg vil låna boka