Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Spikkeboka

spikkeboka

Spikking er noko mange dreiv med som barn, men som dei fleste sluttar med. No er spikking i ferd med å bli ein del av den store handarbeid- og handverkstrenden. Eivind Stoud Platou spikka mykje i barndommen, og no har han sjølv barn som spikkar. I denne boka har han fått hjelp av treskjærarmeister Kjetil Harket. Her får me nyttige tips, gode idear og praktiske råd om korleis ein kan spikka, kva ein kan laga og kva ein treng for å få det til. Det er forslag til 30 prosjekt, frå dei superenkle til dei meir avanserte. 

Lån boka

Tips ein ven  Skriv ut