Stein P. Aasheim er forfattar, journalist, eventyrar og foredragshaldar. 

Stein har blant anna vore med på den første norske ekspedisjonen av Mount Everest, han var den første som følgde Roald  Amundsens rute til Sørpolen og Fridtjof Nansen si rute over Grønland. I tillegg har han sykla gjennom Sahara, vore hestahandlar i Mongolia, og elvefarar i Canada, Sibir og Tasmania. 

I november kjem han til oss i Sogndal og snakkar om sine opplevingar på Mount Everest, korleis ein ranar Dovre-ekspressen frå hesteryggen, og om året då han tok med heile familien til Svalbard.

Velkomne til spanande foredrag i biblioteket!