Pressreader er ei teneste som gjev tilgang til over 7000 aviser og magasin i komplett digital utgåve på 60 ulike språk. Dagbladet, Aftenposten og Bergens Tidende er nokre av avisene ein får tilgang til, og ein finn også ulike magasin om hage, helse, foto, historie, mat, teknologi og mykje meir.
For å få tilgang til Pressreader på mobil og nettbrett, må du lasta ned appen Pressreader og kopla deg på nettverket på biblioteket. Deretter har du full tilgang til PressReader i 7 dagar – du må altså innom biblioteket kvar 7. dag for å få oppdatert tilgangen. Pga. korona er denne tilgangen mellombels utvida til 60 dagar om gongen.
På pc går ein inn på Pressreader.com medan ein er på biblioteket sitt nettverk.
Dersom du loggar deg inn på Mi side med lånenummer og passord via Bibliofil-appen eller heimesida vår: https://sogndal.bib.no/cgi-bin/m2 får du tilgang gjennom å velja Meny - Digitale tjenester - Pressreader.