Appen er oppdatert frå august 2021. Dersom du har ein brukar frå før, må du lasta ned appen på nytt, og logga inn med den same brukarinformasjonen som tidlegare. 

Dersom du brukar BookBites for første gong: Alle kan lasta ned appen og oppretta ein brukar, men for å låna bøker må du ha lånekort på biblioteket. Kontakt biblioteket dersom du ikkje har lånekort. 

1. Last ned appen Bookbites frå App Store eller Google Play
2. Lag ein brukar med epost-adresse og passord, eller via Google- eller Facebook-kontoen din.
3. Logg inn med lånenummer og pinkode frå biblioteket.
4. Finn e-bøker eller e-lydbøker, last ned og les eller lytt.