I den uvanlege språkhistoria til Noreg har dialektane spelt ei særs viktig rolle, frå 1600-talet til i dag, heile tida med songtekstar som eit viktig uttrykks- og lagringsmedium. Håvard Rem drøftar sognedialekter og dagens songtekstar i samtale med Olav Stedje, språkvitar Eli Bjørhusdal og forskingsbibliotekar Liv Kreken. 
Arrangementet er ein del av serien «Dialektferda», eit samarbeid mellom Nasjonalbiblioteket og Dag og Tid. Ferda går i hovudsak til stader Ivar Aasen vitja under dialektinnsamlinga si i 1840-åra.