Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Besøk av skuleklassar på biblioteket

Vi tek gjerne i mot skuleklassar og grupper på biblioteket. Kvart år får 3., 6., og 8. klasse særskild invitasjon til å koma på klassebesøk på biblioteket, men alle klassar er velkomne. Ta kontakt for å avtala tidspunkt på e-post: skranke@sogndal.folkebibl.no eller tlf. 57 62 96 60.

Eit besøk kan innehalda:

  • kort orientering om biblioteket og barneavdelinga
  • få hjelp til å finna bøker, rettleiing
  • bokprat og/eller høgtlesing

Bokkassar  

Vi lagar gjerne til bokkassar som kan brukast i klassen. Bokkassane kan innehalda både skjønnlitterære bøker  (barne- og ungdomsromanar, lettlestbøker eller biletbøker) og faktabøker.

Klassesett

Lærarar kan låna sett med bøker til bruk i undervisninga frå Sogn og Fjordane fylkesbibliotek.  Eit ordinært klassesett består vanlegvis av 25-30 eksemplar av same bok, men ein kan også låna gruppesett, som består av 5-15 eksemplar av same bok. Ein del lærarar vel å låne fleire gruppesett til klassen sin i staden for at heile klassen skal lese same bok. På fylkesbiblioteket sine nettsider finn du tips til lesesett for ulike klassetrinn. Ta kontakt med fylkesbiblioteket direkte for å bestilla.