Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Barnehagar på biblioteket

Barnehagane er velkomne til å besøka biblioteket. Barna kan lesa bøker, teikna, pusla puslespel, lytta til musikk og lydbøker medan dei er her, og ein kan låna bøker med tilbake til barnehagen. Vi gir gjerne tips om gode og nye biletbøker og hjelper til med å finna litteratur som passar til ulike tema barnehagen jobbar med.

Barnehagebibliotek

Fleire av barnehagane i Sogndal kommune har sitt eige barnehagebibliotek. Ta kontakt med biblioteket om din barnehage ønskjer å få eit lite minibibliotek. Då leverer vi frå biblioteket bokkassar i barnehagen, slik at barn og foreldre kan låna bøker med seg heim. Bøkene blir bytta ut nokre gonger i året. Vi kan òg ha ei lita lesestund når vi leverer bøker i barnehagen, ta kontakt om dette er ønskjeleg. 

 

Barnehagebibliotek 

Fleire av barnehagane i kommunen har i samarbeid med Sogndal bibliotek fått oppretta små barnebokbibliotek, der barn og foreldre kan låna med seg bøker heim frå barnehagen.

Målet er å auka lesing og leselyst hjå barn i førskulealder og inspirera vaksne til å lesa for barna. Ved å få biblioteket inn i barnehagen blir tilgangen til barnebøker ikkje begrensa av barnefamilien sitt tidspress, avstand til biblioteket eller av opningstider. Difor kan barnehagen vera ein viktig arena for at møtet mellom barn og bøker skal omfatta flest mogleg.

Bøkene i barnehagebiblioteka blir skifta ut om lag 2 gonger i halvåret, og barnehagane kan gjerne sjølve ta kontakt når dei ønskjer nye bøker: skranke@sogndal.folkebibl.no