Sjangeren "True crime" eller sanne krimhistorier er vorten svært populær dei siste åra, både i form av bokutgjevingar, podkastar og tv-program. Krimforfattaren Chris Tvedt let seg ofte inspirera av hendingar frå verkelegheita, og kjem til Sogndal bibliotek for å snakka om kva han tenkjer om å skriva fiksjon som ofte tek utgangspunkt i saker som faktisk har skjedd.

Chris Tvedt er utdanna jurist og har god innsikt i strafferett, personvern og justisapparatet i det heile. Debatten om såkalla verkelegheitslitteratur har gått høglytt for seg her til lands, så korleis stiller han seg til å la seg inspirera av reelle straffbare handlingar? Korleis jobbar han med desse og korleis gjer han inspirasjonen til fiksjon? Finst det hendingar som er for vanskelege og vonde til at dei kan skrivast om?

I tillegg til utdanninga si som jurist har Chris Tvedt òg studert litteraturvitenskap. Han debuterte i 2005 med kriminalromanen Rimelig Tvil. I 2010 fekk han Rivertonprisen for Dødens sirkel, den femte boka i serien om advokathelten Mikael Brenne. Seinare har han skrive bøker om kriposetterforskeren Edvard Matre.