Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Lesekroken.no - eventyr på ditt og mitt språk

Biblioteket abonnerer på Lesekroken.no, ei digital teneste med norske folkeeventyr på 18 av dei mest vanlege framandspråka i Noreg, i tillegg til nynorsk og bokmål. Når biblioteket har abonnement, er Lesekroken gratis å bruka for alle innbyggjarane i kommunen, skular, barnehagar, mottak, og så vidare. Tenesta er tilrettelagt både for minoritetsspråklege/fleirkulturelle, tospråklege og etnisk norske og egnar seg godt for bruk i barnehage og skule.  

Ein kan velja mellom fire eventyr på kvart minoritetsspråk: Mannen som skulle stelle heime, Dei tre bukkane Bruse, Den sjuande far i huset og Pannekaka. Eventyra er omsette og innlesne av tospråklege lærarar/pedagogar. I tillegg kan ein velja mellom 100 klassiske eventyr på norsk i Lydbiblioteket, samt aktivitetar som ordlotto, puslespel og fargelegging.   

Ta kontakt med biblioteket for meir informasjon og passord!

lesekroken
Tips ein ven  Skriv ut