Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
horst[1]

Jakten på Kaptein Kroghs gull av Jørn Lier Horst

Jørn Lier Horst skriv spennande bøker for både barn og vaksne! I serien om Detektivbyrå nr. 2 møter vi Tiril og Oliver som har sitt eige detektivbyrå. Med på laget er òg sporhunden Åtto. Det er komne fleire bøker i serien, mellom anna: Operasjon Plastpose, Operasjon Solnedgang og Operasjon Påskelilje. I alle bøkene skal det løysast eit mysterium, og bøkene er vortne svært populære.

Boka Jakten på Kaptein Kroghs gull skil seg litt ut ifrå dei andre bøkene om Tiril, Oliver og Åtto. Boka startar med at tippoldebarnet til den kjende sjørøvarkapteinen Conrad Krogh oppsøker Detektivbyrå nr. 2. Det har vore innbrot heime hjå ho, men det ser ikkje ut til at noko er borte. Innbrotstjuven har lagt frå seg ein blomst på bordet og dei finn fotspor på golvet. Dette blir starten på jakta på gullet til Kaptein Krogh.

Dette er ei aktivitetsbok der lesaren må ta del i å finna spor, følgja ledetrådar og løysa kodar. Her gjeld det å ha augene med seg, for løysninga finst i teksten og bileta. Side for side kjem ein nærmare skatten!

Eg vil låna boka

Barnas_store_eventyrbok

Barnas store eventyrbok

Barnas store eventyrbok med eventyr av Asbjørnsen og Moe, H.C. Andersen og Brødrene Grimm er endeleg komen på nynorsk. Her er åtte av dei mest kjende eventyra våre samla: Bukkane Bruse, Raudhette, Fyrtøyet, Pannekaka, Mannen som skulle stelle heime, Den stygge andungen, Tornerose og Bymusikantane frå Bremen.   

Maria Parr, som er forfattaren av Vaffelhjarte og Tonje Glimmerdal, har omsett eventyra til nynorsk. Ho har modernisert språket slik at det passar unge lesarar i dag. Den store eventyrboka er illustrert i god, klassisk og kjend stil av Svend Otto S. 

Eg vil låna boka.