Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
valpen

Valpen til Vilde

Vilde har snart bursdag og ho ønskjer seg tre ting:

1. Ein venn
2. Ein valp
3. At jentene i klassen skal koma i bursdagen hennar.

Vilde har det ikkje så greitt på skulen. Ho har ingen å vera saman med. No når bursdagen nærmar seg, gruar ho seg til å dela ut invitasjonane til selskapet sitt, for ho er redd for at ingen av jentene vil koma. Og så viser det seg at Mia-Mariann i klassen skal ha fest same kveld, og Vilde er ikkje invitert.  Vilde blir så fortvila at ho buser ut med at ho skal få seg valp til bursdagen! Då vil vel jentene koma? Men, problemet er at ho ikkje anar om ho får seg nokon valp.

Marit R. Bredesen er forfattaren av boka, ho har skrive ei sterk bok om vennskap og mobbing. Anbefalast!

Eg vil låna boka.

 

jakob og neikob

Jakob og Neikob og det tomme rommet av Kari Stai

Radarparet Jakob og Neikob er tilbake. Jakob seier framleis JA til alt, og Neikob seier framleis NEI til alt. Jakob og Neikob er bestevener og bur i lag i eit høgt hus. Jakob bur i første etasje, Neikob i andre. Men på loftet er det heilt tomt. Jakob og Neikob vil fylla det tomme loftet sitt med ein sambuar. Men det er ikkje så lett som dei trudde. Brått er dei vorte uvener!

Dette er den tredje boka om Jakob og Neikob. Ei svært fin bok som passar godt til høgtlesing. 

Eg vil låna boka.

teckentrup

En i flokken: lete- og finne-vers av Britta Teckentrup

Boka En i flokken er ei biletbok på rim, der vi på kvar side blir presentert for eit nytt dyr. Her møter vi mellom anna kamelar, flaggermus, strutsar og nashorn. På kvar side skal ein finna det dyret som ikkje oppfører seg heilt som dei andre dyra på biletet:

"En gjeng med seler bjeffer

og maser etter mat.

De venter på at noen

skal komme med fisk på fat.

 

"Min tur! Nå er det min tur!"

roper de alle i kor.

Men hvem fikk den første fisken -

(som ikke var særlig stor!)?

Dyra står tett saman i eit mønster som gjer at lesaren må kikka litt ekstra for å finna dyret som skil seg ut. Kva for ein fugl har mark i nebbet? Kven av kamelane har berre èin pukkel og blir kalla ein dromedar?

Boka har fine illustrasjonar, god bruk av fargar og inviterer til ei god stund saman for barn og foreldre.

Eg vil låna boka.

elinors-øyenbryn

Elinors øyenbryn

Elinor veit kva munnen, augene og nasen skal brukast til. Men kva i alle dagar skal ho med augnebryna? Då blir augnebryna så fornærma at dei reiser ut i verda for å sjå om nokon andre treng dei. For Elinor blir ikkje alt heilt det same utan dei, så ho må prøva å få dei tilbake. Timothy Knapman er forfattaren av denne boka, ei biletbok med herlege teikningar og mykje humor. 

Eg vil låna boka.