Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
armstrong

What a wonderful world - for ei strålande verd

What a wonderful world - for ei strålande verd er ei biletbok basert på ein av dei mest kjende songane gjennom tidene. Songen er skriven av Bob Thiele og George David Weiss og spelt inn av Louis Armstrong. Den nynorske omsetjinga i boka er så fin ("Eg ser grøne tre, raude roser òg..) og passar godt til illustrasjonane. Teksten har eit gripande bodskap om håp for menneske over heile verda.

Eg vil låna boka

 

 

  

brheim3_200x305

Motorsykkelmysteriet av Magnhild Bruheim

Motorsykkelmysteriet er den første boka i spenningsserien Stian og Stine. Stian og Stine er like gamle og bur i same hus. Dei to har nettopp vorte ein del av ein ny familie, fordi Stine si mor er vorten kjærast med Stian sin far. Men det er ikkje heilt lett å plutseleg få ein ny bror eller ei ny søster. Det som er bra er at Stian og Stine begge likar å  løysa mysterium. Ein kveld skjer det noko mystisk i nabolaget, og Stian og Stine vil finna ut kva som skjer. Dette fører dei opp i mange skumle situasjonar. Spennande bok for mellomtrinnet!

Les meir om boka hjå Nynorskbok.no

Eg vil låna boka

Det nye, vesle mennesket

Det nye, vesle mennesket av Lauren Child

Elmore Green byrja livet sitt som einebarn. Han hadde sitt heilt eige rom og alt der inne var hans. Foreldra hans tykte at han var det smartaste, mest sjarmerande og morsomste mennesket dei kunne tenkja seg. Men ein dag endra alt seg. Han vart storebror og var ikkje lenger aleine i rampelyset.

Ei fin og morsom bok om å få småsøsken. Anbefalast! 

Eg vil låna boka