Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
alex

Alex av Pierre Lemaitre.

Dette er noko for deg som likar ein god thriller. Alex blir dregen inn i ein bil på open gate, og politiet står utan spor. Dei må nøsta opp i kven ho er, denne ukjende personen som nokon har sett blitt kidnappa. Men Alex kjempar for livet, og situasjonen har endra seg når politiet finn ut av kvar ho har vorten halden skjult.

Alex er ein person som har ein agenda, målbevisst og iskald. Frå å vera offer, blir ho gjerningsmann. Politiet må leita i fortida for å finna det uhyggelege svaret, og løysninga er uventa.

Spennande og godt skrive!

Lise

Eg vil låna boka

alene sammen

Alene sammen av Abraham Verghese.

Har du lyst på ein fin roman som samtidig lærer deg noko om livet i Etiopia? Dette er ein murstein av ein roman på 766 sider, men eg ønska at den var mykje lenger!

Tvillingane Shiva og Marion veks opp på eit misjonssjukehus i Addis Abeba. Mora døyr under dramatiske omstende under fødselen, og sjokket får faren til å reisa sin veg. Barna blir tatt hand om av to legar på sjukehuset, og dei veks opp saman med dei tilsette og familiane deira. Det er Marion som er hovudpersonen, og vi følgjer han frå spedbarn, gjennom ungdomstid når han forelskar seg for livet, og som vaksen då han må flykta til Amerika. Sentralt i historia er òg hendinga som fører til splitting mellom brødrene.

Etiopia går gjennom dramatiske endringar i denne perioden, og dette får konsekvensar for familien og livet på sjukehuset. Fengsling utan lov og dom, avhengig av politiske sympatiar kjem nært innpå livet. Samtidig har sjukehuset stor betydning for befolkningen, og dei er til en viss grad beskytta av det.

Den siste delen av boka foregår i Amerika, der Shiva får eit liv han elskar som turnuslege på sjukehuset "Vår frue av den evige hjelpen". Tilfeldigheiter fører til at han møter far sin for første gong, han er no spesialist på eit samarbeidande sjukehus.

Eg elskar denne boka! Det er masse spennande bipersonar som vi blir kjende med og livet i Etiopia er eksotisk og annleis. Kan absolutt anbefalast.

Lise

Eg vil låna boka

 

liv

Liv etter liv av Kate Atkinson.

Tenk om du fekk leva livet ditt fleire gonger, og "rette oppatt alle feil i frå i går"? Det får Ursula Todd, som blir fødd under ein snøstorm i 1910. Ho får fleire sjansar, og konsekvensen av valga ho gjer blir heilt forskjellige liv. Urealistisk, men spennande og dramatisk.

Ursula lever livet sitt gjennom to krigar, og vi blir kjende med familien og livet deira. Små valg hovudpersonen gjer, fører til at livet hennar går i ein retning. Ho døyr, og får ein ny mulegheit til å endra livsløpet sitt. Personane rundt henne får også eit helt annleis liv på grunn av valga hennar. Spesielt spennande var livet hennar som brannvakt under blitzen i London under andre verdenskrig, heilt annleis enn livet hennar i Tyskland samtidig i eit anna liv.

Dette er ein fin og godt skriven roman som eg verkeleg kan anbefala.

Lise

Eg vil låna boka

gyrdir

Gyrdir Eliasson: Utsyn frå sørglaset

Hovudpersonen er ein einsam forfattar som slit med skrivesperre, han får ikkje heilt taket på romanpersonane sine. Han låner huset til ein ven i eit fiskevær på Island.  Heile tida blir han distrahert av naturen rundt seg og enda meir av attendeblikk på sitt eige liv. Boka er skrive som ein  dagbokroman i fire delar etter årstidene – vår, sommar, haust og vinter.

Boka er omsett av Oskar Vistdal til eit litt gamalmodig nynorsk - noko som passar til hovudpersonen. Forfattaren er fødd i Reykjavik i 1961. I 2011 vann han Nordisk Råds litteraturpris for novellesamlinga «Mellom trærne».

Signe

Eg vil låna boka

gavin

Extence, Gavin: Et utrolig sammentreff. Bastion 2014

Romanen startar med at den etterlyste 17-åringen, Alex, vert stoppa av tollarar og politi i Dover på veg heim til England i ein bil som ikkje var hans.

Som 10-åring vart Alex hardt skada i hovudet av ein meteor som kom gjennom taket på huset han og mora budde i (jmf. tittelen på boka). Han vart liggjande lenge på sjukehus og fekk alvorleg epilepsi som følgje av skaden. Alex er ei svært gløgg og veslevaksen gutunge som krev svar på alle mulege spørsmål av både legar og lærarar – særleg er han interessert i naturfag. Men han er ein einsam gut som vert mobba av ein gjeng gutar frå skulen.

Mora var redd for guten sin og var redd det skulle skje han noko når han var ute aleine (epileptisk anfall). Alex ville derfor ikkje fortelje at han var blitt plaga og hadde søkt tilflukt i eit drivhus der mobbarane knuste rutene. Han tok på seg skylda og måtte gå til eigaren av drivhuset for å be om unnskyldning. Møtet mellom Alex og denne eldre mannen vart til eit godt og fortruleg venskap – eit venskap som tek oss inn i debatten om aktiv dødshjelp.

Boka er den unge engelske forfattaren sin debutroman.

Signe

Eg vil låna boka