For å vera aktuell som søkjar må du vera mellom 12 og 25 år og heimehøyrande i Sogndal kommune. Du søkjer sjølv, men det er ønskjeleg med dokumentasjon frå t.d. trenar, instruktør, lærar eller foreldre.

Stipendet skal hjelpa ungdommar til utvikling og framgang på sitt område – som t.d. idrett, musikk, dans, skriving, film eller foto.

Er du stolt av talentet ditt og vil satsa vidare? - send søknadsskjema til 
Sogndal kommune, Pb. 153, 6851 Sogndal eller e-post

Ny frist - onsdag 13. november.