Onsdag 18. januar arrangerte ”Sats på skulen – snu Sogn” nettverkssamling og kurs i entreprenørskap; ”Entreprenørskap på nye vegar”. Entreprenørskap er eit multidisiplinært fenomen var bodskapen til Ødegård. Dei viktige ingrediensane er økonomi, psykologi, pedagogikk og sosiologi. Entreprenørskap i skulen bør ikkje berre handle om verksemdperspektivet, altså økonomi, leiing, tilsette og verksemda. Det viktigaste med entreprenørskap i skulen er sjølve danningsperspektivet. Det handlar om likeverd og vekt på de sosiale, pedagogikk med vekt på inkludering og å byggje sosiale relasjonar. Entreprenørskap i skulen skal trene elevane i motivasjons- og handlingskompetanse; det å sjå moglegheitene og motivere seg til å ta dei fyrste skritta. 

”Samarbeid mellom skule og næringsliv er ei øving i empati!” Utsegnet tilhøyrer Per Arne Tveit frå HAFS, regionrådet i ytre Sogn. Det handlar om å kunne setje seg inn i skulen og næringslivet sine problem, utfordringar og syn på moglegheitene lokalt og regionalt. Skal vi få eit sterkare samkvem mellom skule og næringsliv, så må ein bli betre kjende med kvarandre. Det må gjerast noko konkret. Tveit presenterte prosjektet ”Næringsreisa”, der 40 lærarar frå ungdomsskulane i ytre Sogn tek ein to dagars busstur med omvisning og besøk på private verksemder i dei fem kommunane i HAFS.
Jørn Helgheim frå stiftinga Ungt Entreprenørskap presenterte ein metode i praktisk entreprenørskapsarbeid: Gründercamp, ein ”treningsleir” i kreativitet og nyskaping. På ein slik gründercamp brukar elevane ein eller to dagar med eit reelt oppdrag frå ein lokal verksemd. Elevane skal tenkje gjennom problemstillingane, utfordringane – og komme med nye idear og løysingar til verksemda. Røynslene til Ungt Entreprenørskap syner at ungdomen ikkje har ”bremsene” på. Dei ser moglegheitene i større grad enn vaksne!
Presentasjonane:
Pedagogisk entreprenørskap ved Inger Karin Røe Ødegård, Høgskulen i Sogn og Fjordane
Næringsreisa i HAFS ved Per Arne Tveit, HAFS regionråd
Gründercamp - Samarbeid skule -næringsliv ved Jørn Helgheim, Ungt Entreprenørskap

Program