Tilskotet vil gå til å dekka kostnader med å etablera reisemålsselskapet Visit Sognefjord, i hovudsak er dette utgifter knytta til prosessarbeidet.

Departementet gjennomfører eit nasjonalt prosjekt som på sikt skal bidra til færre og større destinasjonsselskap. Målet er å bidra til auka verdiskaping, fleire heilårsstillingar og meir solide bedrifter, særleg i distrikta og fleire gode opplevingar som trekker til seg gjester med høg betalingsvilje. Kompetansen vi har fått gjennom prosjektet i Sogn vil vi dela med andre aktørar i det nasjonale strukturprosjektet.

Vi har fått kr 300 000 i tilskot frå Sogn og Fjordane fylkeskommune til prosjektet.

Målet med prosjektet reiselivsorganisering i Sogn er å styrka samkøyringa av reiselivsutviklinga og auka lønnsemda i reiselivet i Sogn. Vi starta arbeidet i 2011 og selskapet Visit Sognefjord AS vart skipa 14. februar 2013. Les meir om prosjektet