Kommunane Ullensvang og Voss tek i bruk ei rekke verkemiddel innafor det bustadpolitiske området som er relevant for Sogn. Målet med turen var å læra meir om blant anna offentleg-privat samarbeid, samarbeid med bustadnæringa, virkemiddel i utbyggingspolitikken, bustadselskap og fortettingsløysingar.

Ullensvang har prioritert å etablera bustader i eit samarbeid med private utbyggjarar. Kommunen har dialog med private utbyggjarar og stiller tydelege krav og rammer i samarbeidet. Dei har ein kontinuerleg kommunikasjon, og ikkje berre i prosjekt eller når saker kjem opp. Husbanken vart trekt fram som ein viktig samarbeidspart. Kommunen har god kunnskap om og gjer bruk av Husbankens virkemiddel. Tjødnahaugane bustadområde i Kinsarvik er eit av fleire prosjekt som er realisert i Ullensvang. Gruppa fekk omvisning av entreprenør Nedrevåg som fortalte om sine erfaringar frå prosjektet.

Ullensvang har også renovert kommunale utleigebustader og arbeidd for betre utnytting av den eksisterande bustadmassen, til dømes er tomme bustader og gårdsbruk renoverte. Det har vore satsa på utleigebustader i alle delar av kommunen, ikkje berre kommunesenteret. 

Dei har erfart at dei kan stimulere den private, profesjonelle leigemarknaden og renovera den kommunale bustadmassen i distriktskommunar.

Ullensvang er oppteken av eit tverrfagleg fokus og har derfor etablert ei bustadgruppe med planleggjar, rådgjevar kommunal eigedom og konsulent NAV. Deira heilskaplege arbeid med bustadutvikling er retta både mot bustadsosialt arbeid og mot den ordinære marknaden. 

Voss har dei siste åra hatt auka fokus på bustadbygging for å møta folketalsveksten. Dei delte sine erfaringar om bustadprosjekt i og rundt sentrum, og om løysingar for fortetting og for etablering av uteopphaldsareal. Voss har potensial for over 1000 nye bueiningar i sentrumsområdet og det er på gang byggefelt fleire stader i bygda. Eigedomsselskapet eig og driftar både bustad- og næringseigedommar i Voss kommune og leiaren i Voss Eigedom informerte om aktivitetane i selskapet. 

Tjødnahaugane.jpg  Tjødnahaugane fellesområde med grendahus.jpg
Tjødnahaugane bustadområde i Kinsarvik. Eitt av fleire prosjekt i Ullensvang som er bygd ut med privat
utbyggar, og med virkemidlar frå Husbanken. Bustadområdet er tilrettelagd med fellesområde og grendahus.

Prosjektet bustadutvikling i Sogn starta denne våren og varer ut 2019. Les meir om arbeidet her