Hovudtemaet er drøfting av dei regionale planane som Vestland fylkeskommune arbeider med. Fylkeskommunen vil sjølv vere til stades på møtet. Særleg blir merksemda retta mot korleis planane skal styrke kvardagen og framtidsutsiktene for ungdom i Sogn – eit gjennomgåande fokus i Sognaregionen sitt arbeid.
Møtet handsamar også årsmelding og rekneskap for 2025, eit år prega av breitt og konstruktivt samarbeid mellom kommunane. Det vart gjennomført fleire viktige utgreiingar om regional utvikling og vertskommunesamarbeid. Politiske tema som er løfta er og drøfte er mellom anna rekruttering, næringsutvikling, mobilitet og interkommunalt samarbeid. Året markerte også framdrift i arbeidet med å skape sterkare felles identitet og betre koplingar mellom kommunane, næringslivet og utdanningsmiljøa.
Tingsetet vert avslutta med val av leiar for komande år.
