Sogn regionråd skal vera ein felles arena med fokus på å sikra og vidareutvikla rammevilkåra for busetnad og næringsliv i regionen. Sogn regionråd skal også fungere som base for definerte prosjekt og vidare ha som mål å samordna og forenkla oppgåver for eigarane.

Rådet har vanlegvis 6 møte i året. Leiar i rådet er ordførar Ivar Kvalen, Luster kommune.

Rådet har slik samansetjing:
Ivar Kvalen, ordførar Luster kommune (leiar)
Hilmar Høl, ordførar Årdal kommune (nestleiar)
Trygve Skjerdal, ordførar Aurland kommune
Petter Sortland, ordførar Høyanger kommune 
Audun Mo, ordførar Lærdal kommune
Arnstein Menes, ordførar Sogndal kommune
Roy Egil Stadheim, ordførar Vik kommune

Rådet har ei samferdslegruppe Les meir

Les om regionen her