Endringa gjeld ny føresegn som opnar for oppføring av kyrkjelydshus på Kaupanger gravlund, som vist i føresegner datert 25.11.2019.

Vedtaket er gjort i medhald av politisk delegeringsreglement K-sak 30/17.

Kort om planendringa

Sogndal kommune ved kommunalteknikk har på vegne av Sogndal og Leikanger kyrkjelege fellesråd søkt om mindre endring av detaljreguleringsplan Kaupanger gravlund. Endringa gjeld løyve til oppføring av eit nytt kyrkjelydshus i tilknyting til servicebygg på Kaupanger gravlund.
 

Klagerett

Planvedtak for reguleringsplan kan klagast på i samsvar med § 1-9 i plan- og bygningslova, jamfør kapittel VI i forvaltningslova. Eventuell klage må fremjast skriftleg innan 3 veker og sendast pr. epost til postmottak@sogndal.kommune.no eller postboks 153, 6851 Sogndal.
 

Dokument