For åttande gong arrangerte stiftinga Ungt Entreprenørskap og  Sogn regionråd entreprenørskapsmesse for ungdomsskulane i Sogn. I år var det Årdal kommune som var vertskap.

Messene handlar om kreativitet, læringslyst – og variasjon. Det handlar om å samarbeide og å freisteå lage noko nytt. Det handlar også om å sjå moglegheitene i lokalsamfunna i Sogn. Dette er en del av skuleutviklinga i Sogn som ikkje handlar om terping og pugg, men å sjå det samarbeidande, skapande, miljøbevisste og meiningssøkande menneske – slik læreplanen er tufta på. Entreprenørskap er ein pedagogisk arbeidsmetode som skapar glede, variasjon – og framifrå resultat i Sogn.

Synne Hunshammer Haug og Silje Larsen, båe elevar ved Årdal vidaregåande skule, var stødige konferansierar på messa. Ordførar Arild Ingar Lægreid både opna og avslutta messa. Til slutt hadde han gleda av å dele ut premiar til dei seks vinnarbedriftene. Ved starten av dagen takka han spesielt det lokale næringslivet i Årdal som hadde opna dørane for alle dei tilreisande 8. klassingane i regionen.

Det lokale bandet ”System” stod for den musikalske underhaldninga frå scena. Det var litt av et trøkk, og dei tok salen med storm. 26 elevbedrifter frå 9. klasse i regionen hadde kvalifisert seg til regional finale. I tillegg hadde vi besøk frå Spania, Bulgaria, Nederland og Tyskland. Dei 23 ungdomane frå desse landa stilte også ut sine elevbedrifter. Det var spanande å sjå korleis dei arbeidar med entreprenørskap i andre delar av Europa.

I samfunnshuset fekk alle ungdomane førelesing frå den lokale ungdomsbedrifta Safe Sound. Det var opphavleg ei ungdomsbedrift frå Årdal vidaregåande skule, som no er blitt eit eige aksjeselskap. Det var utrolig morosamt og inspirerande å høyre om korleis ungdomane sjølve hadde gått denne vegen. Før Safe Sound fekk podiet i Samfunnshuset, opna Thea Berg med eigenprodusert song og musikk. Ho går til vanleg på Firda vidaregåande skule i Sandane, men hadde tatt turen heim til Årdal for å gje dei tilreisande gjestene ei musikalsk oppleving i Samfunnshuset. 

I år gjekk vi frå tre til seks premiekategoriar. Det vil seie at juryen fekk ei utfordrande oppgåve. I juryen sat:

  • Terje Laberg, Årdal utvikling, leiar
  • Knut Bordal, Årdal vidaregåande skule
  • Jørn Helgheim, Ungt Entreprenørskap Sogn og Fjordane
  • Laila Hansen, Indre Sogn sparebank
  • Anne Kauppi, Sogn opplæring
  • Aina Juvik Eldegard, elev Årdal vidaregåande skule

Juryen valde ut desse seks vinnarane:

  1. Beste elevbedrift: Sorrihop, frå Flatbygdi skule i Vik. Elevane er: Ingrid Kleven, Synnve Espeland, Johanne Brudevoll og Anna Mahima Kløve

  2. Beste nærmiljø/ lokalsamfunnsprosjekt: Skattejakten, frå Aurland barne- og ungdomsskule. Elevane er: Jennifer Charoenchon Mjøs, Anja Ryabinina Underdal, Sigve Øyum og Margrethe Tokvam

  3. Beste ide: Spillevill EB, frå Høyanger skule. Elevane er: Natalie Kleive Aardal, Sandra Kyrkjebø, Linnea Vie Løkeland

  4. Beste klima og miljøtiltak: Alt-mulig-messe, frå Kaupanger skule i Sogndal. Elevane er: Mariann Kvåle Stigen, Arne Lægreid, Anders Lund og Guro Dalaker

  5. Beste stand: Småtteri, frå Hafslo barne- og ungdomsskule i Luster. Elevane er: Andrea Alme, Kaia Matilde, Marit Neset, Synne Eikemo

  6. Beste salsbedrift: Måren EB, frå Høyanger skule. Elevane er: Lisa Måren Løseth, Vanja Måren Måredal

Kvar vinnar fekk eit diplom i ramme, samt pizzafest for heile klassen til vinnarbedrifta. Takk for innsatsen og gratulerar med sigaren!
 

Brosjyra for messa finn du her