«Lyg vi for dei unge?»

Sigbjørn Mostue, forfattar bak trilogien "I morgon er alt mørkt", og Svein Tveitdal, tidlegare direktør ved FN sitt klimaprogram (UNEP), kjem for å sette søkelyset på dei unge sitt engasjement for klimaendringane. Dei vil snakke om korleis vaksne kan vere gode rollemodellar når det gjeld klima og miljø.

 

Er vi vaksne ærlege nok, eller skjermar vi barna våre for sanninga om korleis det står til med jordkloden? Kva gjer vi sjølve for å motverke utviklinga? Det er jo dei unge som i størst grad må handtere verknadene av klimaendringane, og korleis kan vi bu dei på dette?

 

Vi ser no eit auka engasjement frå den yngre generasjonen, og Mostue og Tveitdal vil kome inn på kva vi faktisk kan gjere konkret for å få til endring. Arrangementet varer i ca. 90 minutt. Det blir foredrag etterfølgt av samtale leia av Anja Aga Ramstad frå Sogn og Fjordane fylkesbibliotek. Det er ope for spørsmål frå salen.

 

​Gratis inngang.

Velkomne til Klimaengasjement i biblioteket!