Kartlegging og verdsetjing av friluftslivområder
Eigenskapsskjema
 

Sogndal kommune har kartlagt og verdsett sine friluftslivsområder. Dette arbeidet starta i 2017 og skal være ferdigstilt i desember. Arbeidet er utført etter Miljødirektoratet sin mal M98. Kartlegginga og verdsettinga er gjort i samråd med personar frå lokalsamfunnet som er godt kjende med friluftslivsområda i kommunen.

I kartlaget «Høyringsforslag friluftsområder i Sogndal kommune» på fylkesatlas.no er dei kartlagde friluftsområda skravert ut. Alle områda har ein eigen ID. Eksempelvis er Barsnesfjorden registrert med ID:  SS127. For å sjå ID-en på det aktuelle område må ein trykkje ein gong på det skraverte området. Då får ein opp ID nummeret, kategorien, og området sin verdi.

Friluftslivsområda er kategoriserte i desse kategoriane:
- Grønkorridor = GK
- Leike og rekreasjonsområde = LR
- Marka = MA
- Nærturterreng = NT
- Særleg kvalitetsområde = SK
- Stort turområde med tilrettelegging = TM
- Stort turområde utan tilrettelegging = TU
- Strandsone med tilhøyrande sjø og vassdrag = SS
- Utfartsområde = UO
Verdiane er sett frå A til D, der A har høgste verdi.

I eigenskapsskjemaet finner du oversikt over alle dei registrerte friluftslivsområda, områdenamn og områdebeskrivinga. Vidare følgjer verdsetjing av områda basert på ulike kriterium. Eksempelvis er SS127 Barsnes registrert med «Ganske stor» brukarfrekvens blant lokale og «Middels» besøk av regionale og internasjonale brukarar. Den endelege verdsetjinga er basert på resultata frå dei ulike kriteria. Av dei 161 registrerte områda i Sogndal kommune er 81 registrert som svært viktige (A), 62 er registrert som viktige (B), 15 er registrerte (C) og fire har ikkje fått verdi.

Fram til og med måndag 25. november har du høve til å komme med dine merknader. Det kan vere merknad til avgrensinga i kartet, områdenamnet, eller verdsetjinga.
Dine innspel er viktige for å sikre best mogleg kvalitet på arbeidet.

Merknader kan sendast til Sogndal kommune via skjema, pr. e-post til postmottak@sogndal.kommune.no eller pr. brev til Postboks 153, 6851 Sogndal.