Kommunen sin praksis angåande parkeringsordninga

Når ein vel å parkere ein stad med parkering mot vilkår vert det stilt krav til deg som førar av køyretøyet. Om ein bryt med desse krava, vil ein få ein «bot» ved kontroll. Ei «bot» kan vere anten eit parkeringsgebyr på bakgrunn av Forskrift om offentleg parkeringsgebyr, eller det kan vere ein kontrollsanksjon ut i frå Parkeringsforskrifta.

Kommunen fører ein konsekvent praksis når det gjeld parkeringsordninga, og årsaka til dette er at ei kvar handheving har presedens. Det vil sei at om eit brot på regelverket vert handheva eller ikkje under visse situasjonar, må me ha dette tilfellet i tankane ved liknande situasjonar i framtida. Viss handheving av regelverket er basert på skjønn vil det føre til ulik handsaming. Det er eit prinsipp i offentleg handsaming at alle skal handsamast likt. Ei heilskapleg parkeringsordning fokuserer på konkrete fakta. 

Parkeringsvaktene jobbar med å etterprøve om du har parkert på korrekt vis, og etter vilkåra der og då. Det betyr av kommunen har bevisbyrda, og det betyr at om køyretøyet ikkje er registrert når dei sjekkar din bil så får du ei ilegging. Om du meiner at dei har skreve ut bot på feil grunnlag, kan du sende inn klage.

Elektronisk klageskjema:    Klage på parkeringsbot

Det er kommunen som er handsamar av klagen. I klagen må ein argumentere, eller kome med ytterlegare bevis som parkeringsvakta ikkje har hatt under kontrolltidspunktet. Dei sjekkar om skiltnummer er registrert i EasyPark eller SmartPark og om gyldig billett ligg i frontruta. Om dei finn brot på vilkår for parkering på kontrolltidspunktet, så vil du få ein bot. Det blir tatt bilete som viser brotet på parkeringsvilkåra.

Les meir: Ønskjer du å klage på "parkeringsbot"?

Kontrollsanksjon og parkeringsgebyr, kva er dette?

§ 31.Generelt om betaling
Betaling og/eller registrering skal skje umiddelbart etter parkering. Eventuell kvittering for betalt parkering skal, om ikke annet fremgår av kvitteringen, plasseres godt synlig bak frontruten. Har motorvognen ikke frontrute plasseres kvitteringen på et annet godt synlig sted.
§ 36.Kontrollsanksjon
Ved overtredelse av vilkårene for parkering kan det ilegges en kontrollsanksjon på kr 600.
Fører av motorvogn skal gis rimelig frist til å sette seg inn i parkeringsvilkårene og å foreta nødvendig betaling/registrering før kontrollsanksjon kan ilegges. Det kan ilegges kontrollsanksjon tidligst fem minutter etter at parkeringstiden er utløpt.

Ei «parkeringsbot» blir gitt på grunnlag av to forskrifter; Parkeringsforskrifta og Forskrift om offentleg parkeringsgebyr. Kort fortalt handlar den fyrste om vilkårsparkering og om du har parkert i høve dei vilkåra som gjeld på den parkeringsplassen. Om du har brote med denne forskrifta får du ein kontrollsanksjon. Den mest normale årsaka til kontrollsanksjon er at ein ikkje har betalt.

Dei to paragrafane som er mest nytta i høve parkeringsforskrifta er §31 og §36. Dei viktigaste ledda er vist til høgre.

Om du har fått eit parkeringsgebyr, så er det eit mildt brot på lova. Parkeringsgebyr er basert på skiltforskrifta, trafikkreglane § 17, Vegtrafikklova § 3 og § 17, føresegn gjeve i medhald av vegtrafikklova § 4 og § 9 samt føresegn i Forskrift om offentleg parkeringsgebyr. Den vanlegaste feilen som resulterer i parkeringsgebyr er å parkere i strid med skiltinga.

Kvifor 600 og 900kr?
I 2017 bestemte Samferdselsdepartementet at kontrollsanksjon generelt skal vere 600 kroner jf. §36 i Parkeringsforskrifta. Tidlegare var det ikkje bestemt kva satsen skulle vere, og private aktørar hadde eigne og ulike satsar.  Denne avgjersla var ein del av ei større raud tråd for å gjere regelverket meir forståeleg for brukarar. Det finst nokre unntak, brot på vilkår for gratisparkering kan føra til kontrollsanksjon på 300kr, og å stå på handikapp-parkering kan føra til kontrollsanksjon på 900kr.

Storleiken på parkeringsgebyr er fastsatt i Forskrifta for offentleg parkeringsgebyr, og er 900 kr jf. §2.