Stemninga var god, og fleire viktige saker vart handsama.Eit sentralt punkt på dagsorden var vedtak av ein felles mobilitets- og samferdsleplan for regionen. Etter fleire rundar med drøftingar både i Sognatinget og i dei einskilde formannskapa, vart planen vedteken samrøystes. Diskusjonen i tingsalen var god og prega av vilje til samarbeid.

Sogn KO (kommunalt oppgåvefellesskap) orienterte om fire vertskommunesamarbeid som no vert sendt vidare til kommunane for handsaming. Innstillinga frå kommunedirektørane, som utgjer styret i KO, er samrøystes. Dette vart motteke med glede, og fleire uttrykte forventning til at samarbeida vil bidra til å sikre gode og framtidsretta tenester til innbyggjarane.

Mot slutten av dagen løfta Sognatinget blikket og drøfta behovet for tettare regionalt samarbeid på eit meir overordna nivå. Tilbakemeldingane frå deltakarane var tydelege: Det er både rom og behov for å styrke samarbeidet mellom kommunane i Sogn.

Neste møte i Sognatinget er 13. april i Vik.

Møteinnkalling og møteprotokoll Sognatinget

Mobilitets- og samferdsleplan for Sogn

Sognasmeden: – Eg trur alle er veldig innstilte på samarbeid

Felles barnevern og NAV i Sogn: – Me har landa fire samrøystes vedtak