Lustrafjorden, Aurlandsfjorden, mesteparten av Sogndalsfjorden og Barsnesfjorden vert stengt for hummarfiske. I tillegg vil mindre område langs Sognefjorden i kommunane Lærdal, Leikanger, Vik, Balestrand og Høyanger ha forbod mot garn, ruser og teiner.

Hummar er ein truga bestand. Erfaringane frå andre område er at fredning har god effekt og bestanden har auka i område der hummaren har vore freda. Foreininga Sognefjorden Vel tok initiativ til arbeidet og utarbeidde forslag til fredningssoner som kommunane i Sogn regionråd handsama tidlegare i år. Fiskeridirektoratet har fastsett forskrift for fredningsområda. For meir informasjon gå til Fiskeridirektoratet si nettside