Kommunane Aurland, Lærdal, Årdal, Luster, Sogndal og Vik står samla i ei sterk støtte til Lærdal sjukehus og uttrykkjer stor uro over dei framlagde kutta frå Helse Førde.
1. Lærdal sjukehus – eit veldrive og viktig nærsjukehus
Lærdal sjukehus har i mange år levert tenester av høg kvalitet, mellom anna innan ortopedi, barselomsorg og som nærsjukehus for innbyggjarane i regionen. Tilbodet er godt etablert, med godt kvalifiserte tilsette og pasientar som kjem langvegs frå for behandling. Sjukehuset har eit godt og tett utvikla fagleg samarbeid med Førde sentralsjukehus og er ein trygg og viktig institusjon for innbyggjarane i heile Sogn.
2. Sogn – ein livskraftig og framtidsretta region
Sognaregionen er i vekst, og dekker nasjonale viktige oppgåver innan industri, kraftproduksjon, reiseliv og offentleg forvaltning. Regionen treng robuste helsetenester som støttar opp under utvikling, og der er nærsjukehuset ein viktig leverandør.
3. Behov for vidareføring og styrking av sjukehuset
Kommunane i Sogn forventar at Lærdal sjukehus får behalde funksjonane sjukehuset har i dag. Å svekke tilbodet vil vere eit alvorleg tilbakeslag for pasientar, tilsette og samfunnsutviklinga i regionen. Eit sterkt nærsjukehus er avgjerande for å sikre god beredskap, tryggleik og framtidig vekst.
Vi ber helseministeren, styret i Helse Førde og Helse Vest om å ta omsyn til den samla røysta frå Sogn, og sikre vidare drift og utvikling av Lærdal sjukehus som ein sentral helseinstitusjon i vår region.
Foto: Arild Finne Nybø