Sogn og Fjordane har ord på seg for å vere eit av dei beste skulefylka i landet. Vi scorar godt på nasjonale prøvar, eksamen og grunnskulepoeng. Dei åtte kommunane i Sogn trekk snittet opp i fylket. Samstundes brukar vi mykje midlar på spesialundervisning i skulen. Programleiar Claus Røynesdal peikar på at dei gode resultata kan nok tyde på at vi brukar midlane mykje på rett måte, men vi har ei felles målsetjing i regionen om at færre elevar skal få vedtak om spesialundervisning. Vi må styrke ordinær undervisning slik at færrast mogleg elevar treng einskildvedtak.

Barnehage- og skuleutviklingsprogrammet ”System for styrka læring” har tre overordna mål:

  1. Auka tilpassa opplæring
  2. Styrka læringsutbytte for alle
  3. Redusert bruk av spesialundervisning

Kommunestyra i dei åtte kommunane indre Song har vedteke å gjennomføre ”System for styrka læring” som strategi for barnehage- og skuleutvikling i regi av Sogn regionråd for perioden 2013 – 2021. Kommunane og regionrådet har eit forpliktande samarbeid med fem eksterne utviklingsaktørar i dette programmet:

  1. Høgskulen i Sogn og Fjordane
  2. Ungt Entreprenørskap (Nasjonal stifting for samarbeid mellom skolar og arbeidslivet)
  3. Utdanningsforbundet
  4. Statped Vest (Staten si spesialpedagogiske støtteteneste til kommunane)
  5. KS (Kommunesektorens arbeidsgjevar- og interesseorganisasjon).

Presentasjon for lærarane i Leikanger kommune tysdag 13. august