Prisliste SFO

Matpengar

Matpengar for SFO kjem i tillegg til gjeldande betalingssetsar for ettermiddagplass, ferieplass og heil plass.

Moderasjonsordningar

Det vert gjeve søskenmoderasjon ut frå gjeldande satsar; 30% moderasjon for 2 barn og 50% for 3 eller fleire.

Redusert foreldrebetaling

For familiar med låg inntekt vert det gjeve redusert foreldrebetaling i SFO. Betalinga vert til 50% av vanleg sats, dette gjeld også kjøp av enkeltdagar og enkeltveker. Kommunestyret vedtek årleg grensa for samla skattbar inntekt for å få redusert betaling. For 2019 er grensa kr 462.000.

Ein må søkje på nytt ved kvart skuleår og leggje ved siste skattemelding (sjølvmelding/"selvangivelse") for begge føresette. Vedtak gjeld frå månaden etter at søknaden med dokumentasjon er motteken.

Søk om redusert foreldrebetaling SFO

Søknadsfrist: 10. juni