Mange er opptekne av at det er mindre fisk i fjorden enn før. – Det er derfor viktig å få svar på kvifor det er slik, seier leiar i regionrådet Noralv Distad. Forskar Otte Bjelland frå Havforskingsinstuttet var svært interessert i å få informasjon frå folk  om korleis dei opplever endringane knytt til fiskeførekomstane, og han fekk mange innspel frå folk som kjenner fjorden før han møtte regionrådet 26. april.

Otte Bjelland orienterte regionrådet om nyleg gjennomførde undersøkingar på Hardangerfjorden og moglege forklaringar på kvifor fiskebestanden er redusert i Sognefjorden. - Det er ikkje eintydige svar på årsakane til redusert fiskeførekomstar, og det trengst meir forsking for å koma nærare svar på «fiskegåta», seier Bjelland. Vegen vidare til betre forståing kan vera å overvake fjordane ved jamne mellomrom, faste stasjonar med bruk at garn og ruser og meir forsking på koplinga hav – fjord. 
 
Torbjørn Dale frå Høgskulen i Sogn og Fjordane orienterte om planane om ein større Fjordkonferanse til neste år.

Presentasjon frå Otte Bjelland, Havforskingsinstituttet