410 tilsette frå barnehagane i Sogn var samla i Sogndal til fagfag 7. oktober. Temaet var livsmeistring  og psykisk helse med vekt på venskap, vaksenrolla i leik og risikofylt leik. Læringsmiljøsenteret v/ Ingrid Midteide Løkken tok alle med gjennom teori, forskning og praksiseksempel og gav døme oppgåver som kunne takast tilbake til arbeidet i barnehagane.

Dagen var to-delt, der tida etter lunsj vart nytta til arbeid i dei faste fagnettverka eller til ei økt med Anne Grethe Sønsthagen frå Høgskulen på Vestlandet med temaet "Inkluderande og ekskluderende praksisar i barnehagen - med eit flerkulturelt perspektiv".
 
Det er svært lærerikt, nyttig og kjekt å koma saman.