Tema for dagen var "Tiltak for å førebygge og stoppe mobbing i barnehage og skule" med Ingrid M. Løkken og Hanne Jahnsen frå Læringsmiljøsenteret i Stavanger.

Ingrid og Hanne løyste dagen godt, her var variasjon av føredrag, videosnuttar, case og gruppeoppgåver. Dei var opptekne av å vise lovverket, profesjonen som vaksen innehar i arbeidet ut mot barn og unge, kultur på arbeidsplass, haldningar, klassemiljø og sjå heilskapen i elev- og barnemiljøet.

Deltakarane fekk sjå fleire filmar om korleis ein konkret kan jobbe på tiltakssida når mobbing har oppstått. Filmane er utarbeidde av Nina Grini som også jobbar ved Læringsmiljøsenteret. Ho kjem til Leikanger 2. januar for å treffe SFO-tilsette i regionen og tek opp same tema: mobbing, konsekvensar, førebygging og tiltak.

Fagdagen Frå spesialundervisning til tilpassa opplæring i eit IBOS- perspektiv, og er resultat av eit samarbeid mellom PPT, ressurspersonane i IBOS (inkluderande barnehage- og skulemiljø) og Læringsmiljøsenteret. Det vide spennet i deltakargruppa vitnar om kor viktig ein i regionen og på tvers av etatar tek denne problematikken. Samlinga var ei vidarekopling og påbygging frå fagdagane som har vore denne hausten; for skulane i august, oppvekstleiarane i september og barnehagane i oktober. Neste fagsamling med Hanne og Ingrid vert på fagdagen for psykisk helse 7. mars 2019. Dei held tak i den raude tråden og vil byggje vidare på temaet.